Hopp til innhald

Java

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Denne artikkelen handlar om øya. For programmeringsspråket, sjå programmeringsspråket Java.
Java
Jawa
øy
Land  Indonesia
Areal 128 297 km²
Folketal 160 293 748 (2015)
Kart
Java
7°29′30″S 110°00′16″E / 7.4916666666667°S 110.00444444444°E / -7.4916666666667; 110.00444444444
Java blant dei indonesiske øyane.
Java blant dei indonesiske øyane.
Java blant dei indonesiske øyane.
Wikimedia Commons: Java

Java er ei av hovudøyane i Indonesia. Ho ligg sør for Borneo og aust for Sumatra. Øya har eit areal på 128 297 km² og er tett folkesett av rundt 160,2 millionar. Den indonesiske hovudstaden Jakarta ligg vest på Java.

Java er ei av Sundaøyane. Nesten heile øya er av vulkansk opphav, og har heile 38 fjell med konisk form, eit teikn på at dei er gamle vulkanar. Området er sterkt ramma av jordskjelv.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Java