Datamaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IBM PC 5150 med tastatur og grøn monochrome monitor (5151), køyrer MS-DOS 5.0
IBM Thinkpad R51.
Datamaskinbruk.

Ein datamaskin er eit apparat eller ein maskin som kan nyttast til rekning og til å kontrollere operasjonar som kan uttrykkjast med tal eller logiske uttrykk. Datamaskinar er oppbygde av komponentar som utfører enkle, velkjende oppgåver, og det er samspelet mellom desse som gjer det mogleg for datamaskinar å handsama opplysningar. Ved å programmere maskinen kan han nyttast til dømes til å løysa eit problem eller å simulere eit system.

Granskinga av teorien, utforminga og bruken av datamaskinar vert kalla informatikk.

Histori[endre | endre wikiteksten]

Datamaskinane, eller reknemaskinar, vart utvikla over ein lang tidsbolk. Dei fyrste hjelpemidla var truleg at ein byrja å telja på fingrane. Seinare vart steinar, trepinnar, bein, osb. tekne i bruk. Babylonarane nytta kulerammer for over 4000 år sidan[treng kjelde] og vart seinare nytta av mellom anna romarane og i mellomalderen i Europa. Ei anna innretning for astronomiske utrekningar, ein equatorium, vart nytta av Abū Ishāq Ibrāhīm al-Zarqālī rundt 1015

Mekaniske reknemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Ein Pascaline frå 1652.

Ulike former for mekaniske reknemaskinar har vore konstruerte heilt sidan antikken[1][2]. Heron av Alexandria konstruerte ulike mekaniske innretningar for å utføra rekneoperasjonar. Hipparkhos fra Nikea, Klaudios Ptolemaios, Abu Rayhan Biruni nytta ein mekanisk reknemaskin som bytta to skiver, kalla ein Planisfære, for å finna posisjonane til stjerner. Planisfære fann òg vegen til Europa og vart nytta av mellom andre Paolo dal Pozzo Toscanelli.

I 1617 beskreiv John Napier ein reknestabel som kunne utføra multiplikasjon og divisjon. Reknestaven vart òg oppfunnen på 1600-talet[treng kjelde]. I 1623-1624 konstruerte Wilhelm Schickard ein astroscopium, som utførte addisjon og subtraksjon med ein presisjon på seks desimalar. I 1624 vart maskinen øydelagt i ein brann før han var ferdig og Schickard gav opp prosjektet. Blaise Pascal arbeidde med å utvikla ein reknemaskin frå 1642 og utover. Desse maskinane utførte om var den fyrste reknemaskinen som kunne utføra alle fire rekneoperasjonane addisjon, subtraksjon multiplikasjon og divisjon og vert kalla Pascaline eller Pascal-kalkulator. I 1672 konstruerte Gottfried Leibniz ein staffelwalze, som òg kunne utføra alle fire rekneoperasjonane addisjon, subtraksjon multiplikasjon og divisjon. Maskinane til Schickard og Pascal var digital maskinar.

I 1820 konstruerte franskmannen Charles Xavier Thomas ein reknemaskin kalla Arithmometer. Denne maskinen vart produsert frå 1851 til 1915 og vert rekna som den fyrste praktiske reknemaskinen, så 1851 var i røynda starten på dataalderen. Frå 1851 til 1890 var dette den einaste reknemaskinen som vart produsert. I 1878 tok Burkhardt i Tyskland til å produsera ein kopi av maskinen til Thomas og i 1883 fylgde Layton i Storbritannia etter. Andre føretak fylgde etter og ein periode var det rundt 20 europeiske føretak som produserte slike maskinar. Kopiar av Tomas-maskinen vart produserte heilt fram til 2. verdskrig. Mekaniske reknemaskinar vart produserte heilt til 1970-talet. I Japan produserte Ryōichi Yazu ein reknemaskin kalla Yazu Arithmometer. Denne maskinen hadde ein presisjon på 16 siffer. Det vart produsert rundt 200 maskinar, som vart nytta av militæret og andre statlege institusjonar.

Relemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Reknemaskinar basert på elektromekaniske relebrytarar vart konstruerte av mellom anna tyskaren Conrad Zuse.

Elektroniske analoge reknemaskinar[endre | endre wikiteksten]

Analoge reknemaskinar var baserte på nettverk av operasjonsforsterkarar som kunde gjera vanlege matematiske operasjonar som addisjon, subtraksjon, integrasjon og derivasjon av elektriske signal.

Digitale datamaskinar[endre | endre wikiteksten]

Alan Turing fann ut kva for problem dette galdt, og grunnla med det teoretisk informatikk. I USA vart ENIAC bygd på byrjinga av 1940-talet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Antikythera mechanism research project Arkivert 2011-02-21 ved Wayback Machine. (vitja 1/4-2013)
  2. Crystall, B., A programmable robot from 60 AD, Newscientist.com, 5/7-2007.
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.