Tema:Matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 27. august 2009 kl. 13:31 av Trondtr (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)


Matematikk

mengder, strukturar, tal, rom og rørsle

Talteori |  Diskret matematikk | Analyse |  Algebra |  Geometri |  Topologi

Generelt Algebra, talteori og kombinatorikk Geometri og topologi Analyse og statistikk

Matematikk er læra om tal og rom og generaliseringar av desse to nøkkelomgrepa. Moderne matematikk kan også kallast læra om strukturarmengder, i tråd med forsøket på å skildra all matematikk ved hjelp av aksiomatisk mengdelære. Tradisjonelle underdisiplinar i matematikken er først og fremst geometri (læra om rommet), algebra (læra om tala) og analyse (læra om kontinuumet). Underdisiplinar av nyare dato er mellom anna topologi og algebraisk geometri.

Matematikk vert ofte nytta som eit formel- og terminologiapparat i ulike natur- og samfunnsvitskapar som fysikk, informatikk, kjemi og økonomi. Viktige disiplinar er her mellom anna fluidmekanikk og statistikk.