1ste Mai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1ste Mai var ei sosialistisk avis som kom ut i Stavanger, oppkalla etter arbeidardagen første mai.

Avisa var stifta 30. september 1895 som partiorgan for Arbeidarpartiet. Ho kom først ut ein gong i veka, frå 1902 to gonger kvar veka, og frå 1906 som dagsavis. Den seinare skoledirektøren Johan Gjøstein var den første redaktøren og ei viktig drivkraft for avisa.

1ste Mai blei stoppa under krigen. I 1955 blei ho slått saman med Haugaland Arbeiderblad til Rogalands Avis.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.