Bispedøme
Eit bispedøme, bispedømme eller stift er eit geografisk område og ei administrativ eining i kyrkja, leidd av ein biskop og eventuelt av eit bispedømeråd.
Nemninga er brukt i Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og i nokre protestantiske kyrkjer, mellom anna Den norske kyrkja. I Den ortodokse kyrkja finst ei tilsvarande eining som typisk blir kalla eparki.
Bispedøme i Noreg
[endre | endre wikiteksten]
I Noreg er det tre bispedøme i Den katolske kyrkja og elleve bispedøme i Den norske kyrkja.
Bispedøme i Den katolske kyrkja i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Bispedøme i Den norske kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Fram til 1919 var nemninga stift.
- Agder og Telemark bispedøme
- Bjørgvin bispedøme
- Borg bispedøme
- Hamar bispedøme
- Møre bispedøme
- Nidaros bispedøme
- Nord-Hålogaland bispedøme
- Oslo bispedøme
- Stavanger bispedøme
- Sør-Hålogaland bispedøme
- Tunsberg bispedøme
I tillegg har Den norske kyrkja frå 2. oktober 2011 preses, som er leiande for bispedømerådet og har sete i Nidaros. Dette embetet har mykje sams med det som i Svenska kyrkan og Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland heiter erkebiskopen.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Nordmenn vart kristna litt om senn frå mellomalderen, og landet vart offisielt kriste kring 1020 då Olav den Heilage var konge[1]. So tidleg som 1070 fekk Noreg tre bispedøme i Oslo, Bjørgvin og Nidaros. Erkebiskopen i Hamburg-Bremen rådde over heile Norden fram til 1103, då erkebiskopen i Lund overtok ansvaret for Danmark, Sverige og Noreg[2]. I 1152-1153 var kardinal Nicolaus Breakspear sendt av pave Anastasius IV til Nidaros for å skipa erkebiskopsete som skulle gjelda for Noreg og vesterhavsøyane.[3]. Bispedømet var stort, og inntektene frå Nidarosprovinsen lét domkyrkjebygget verta monaleg større. Den fyrste erkebiskopen i Nidaros var Jon Birgersson[4].
Reformasjonen kom til Noreg i 1536-37, då Kristian III av Danmark-Noreg var konge[5]. Med dette vart dei katolske bispedøma bytt ut med evangelisk-lutherske. Erkebiskoptittelen vart då avskipa. Dette førde til at biskopar, prostar og prestar vart valde ut av kongen heller enn paven. I staden for å ha erkebiskop var biskopen i den politiske hovudstaden - den gong Kjøpenhamn, men Oslo frå 1814 - nemnd til leiande biskop som «primus inter pares», fremst mellom likemenn.
Den norske kyrkja var statskyrkje fram til 2012.
I dag fylgjer bispedøma i stor grad fylkesgrensene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Unn Pedersen og Jon Vidar Sigurdsson (25. november 2015). «Landet blir kristnet» (på norsk bokmål). Norgeshistorie.no. Henta 16. april 2025.
- ↑ «Biskopar och ärkebiskopar i Lunds domkyrka», www.svenskakyrkan.se (på svensk), henta 16. april 2025
- ↑ «Fra kapell til katedral», Nidarosdomen (på norsk bokmål), henta 16. april 2025
- ↑ Dybdahl, Audun (25. mars 2025). «Jon Birgersson». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Vår historie», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 16. april 2025