Cornell University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornell University

McGraw Hall i Ithaca.

Grunnlagt1865
StadIthaca
Studentar23 620 (september 2020), 24 900 (1. september 2021)
Tilsette11 062 (september 2020)
MedlemskapORCID, Digital Library Federation, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://cornell.edu (engelsk)
Balch Hall, kvinneinternat.
Ishockeylaget Cornell Big Red
NASA Mars Rover, i betydeleg grad utvikla ved Cornell.

Cornell University er eit privat universitet i Ithaca i New York i USA. Det har to campusar for studium i medisin i New York og Education City i Qatar. I 2008 låg universitetet på 15. plass globalt i THE World University Rankings.[1]

Cornell blei grunnlagt i 1865 av Ezra Cornell og Andrew Dickson White. Det fekk etter kvart føderal støtte som land-grant-universitet. Cornell hadde bygd eit telegrafsamband mellom Washington, D.C. og Baltimore i I 1844, og han konstruerte den fyrste elektriske generatoren i USA ved Cornell i 1876. Den første 10 000 volt-transformatoren i USA blei bygd ved universitetet i 1900.

Cornell er eit av dei såkalte Ivy League-universiteta. Studenttalet i 2006 var på 19 639, der 18 % var utanlandske studentar. Skulepengane var same året på 32 981 US-dollar, pluss internatutgifter på 10 776 dollar. Studentopptaka er blant dei meir eksklusive i USA.

Universitetsområde[endre | endre wikiteksten]

Skulane og fakulteta ved Cornell er:[2]

  • College of Agriculture and Life Sciences (1904) – 4 200 studentar[3]
  • College of Architecture, Art, and Planning (1871) – 873 studentar[4]
  • College of Anda til art Sciences (1865, 1903) – 4 200 studentar[5]
  • College of Engineering (1870, 1921) – 4 304 studentar[6]
  • School of Hotel Administration (1922) – 873 studentar[7]
  • College of Human Ecology (1900) – 1 566 studentar[8]
  • School of Industrial and Labor Relations (1945) – 1 172 studentar[9]
  • The Faculty of Computing and Information Science (1965)[10]
  • Graduate School (1865) – 4 509 studentar[11]
  • Cornell Law School – 579 studentar[12]
  • Johnson Graduate School of Management – 866 studentar[13]
  • Weill Cornell Medical College (New York City) – 405 studentar[14]
  • Weill Cornell Medical College (Doha, Qatar) – 221 studentar[15]
  • Weill Cornell Graduate School of Medical Sciences (New York City) – 373 studentar[16]
  • College of Veterinary Medicine – 336 studentar[17]
  • School of Continuing Education and Summar Sessions -[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Times Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine. – THES QS Top Universities, 201-300.
  2. [1]
  3. [2]
  4. [3]
  5. [4]
  6. [5]
  7. [6]
  8. [7]
  9. [8]
  10. [9]
  11. [10]
  12. [11]
  13. [12]
  14. [13]
  15. [14]
  16. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 10. april 2008. Henta 23. januar 2008. 
  17. [15]
  18. [16]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cornell University