Dystopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presentasjon av den kjende dystopien 1984 av George Orwell.

Dystopi er ei skildring av eit framtidig skrekksamfunn prega av mareritt-liknande levevilkår. Ein dystopi vert gjerne sett på som motsetnaden til ein utopi.

Å nytte litteratur, teater eller film til å framstille ein dystopi kan vere eit effektivt middel til å setje søkeljoset på det som er galt eller lite ynskeleg i notidas samfunn, og såleis vere ein måte å fremje eller forsterke samfunnskritikk på. Ved å overdrive dei verknadene det vil få dersom dette eller hint får halde fram og utvikla seg i vidare omfang inn i framtida, kan ein få folk til å reagere på tilhøve i samtida som kan hende ikkje ser så ille ut ved fyrste augnekast, eller som dei fleste bryr seg lite om av di det ikkje råkar andre enn eit mindretal, og difor ikkje ein sjølv.

Dystopiar kan òg verte nytta i politisk propaganda for å svekke motpartane og vinne tilslutnad til eigne synspunkt, og eventuelt stø opp under eiga makt og posisjon i samfunnet.

Dystopiar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Dystopiar blir ofte skildra i science fiction, særleg innan undersjangeren cyberpunk.

Nokre kjende dystopiske romanar er 1984 av George Orwell, Vidunderlige nye verden av Aldous Huxley og Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood. Alle romanane er også blitt filmatisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«dystopi» (30. oktober 2015) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dystopi