Hopp til innhald

Ivel Agricultural Motors Ltd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ivel)
Ivel Agricultural Motors Ltd.
BransjeBilindustri
Skipa1899
LandStorbritannia
Ivel frå 1905.

Ivel Agricultural Motors Ltd var eit britisk føretak som frå 1902 til 1916 produserte ein traktor som ofte berre vart kalla «Ivel». Han skilde seg frå andre traktorar på denne tida ved at han var særs lett med relativt høg motorstyrke, 24 hk. Traktoren hadde ein masse på 1680 kilogram. Andre karakteristikkar for Ivel var tre hjul og at motoren var ein tosylindra boxermotor.

Denne etter tida gode spesifikasjonen for køyretøyet kan vere årsaka til at Isach ColdevinDønnesgodset valde Ivel då han skaffa den første traktoren til Noreg i 1908.

  • Moffitt, J., The Ivel story, Japonica Press, 2003.