Jøran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jøran er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn. Som mannsnamn er det ein norsk skrivmåte for det svenske namnet Göran som opphavleg kjem frå det greske namnet Jeórjos (Georg, 'jordbrukar, bonde'). Som kvinnenamn er Jøran ei norsk dialektform av Jorunn. Jøran har namnedag den 9. juli.


Bruk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det 855 menn som har Jøran som første fornamn, mens namnet er brukt først av 42 kvinner (2015). For 100 år sidan var namnet vanlegare som kvinnenamn. I 1910 var det berre 7 menn med Jøran blant fornamna, men heile 322 kvinner.[1]

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Det svenske mannsnamnet «Göran» er ei nyare form av «Örjan». Dette blei danna som Örian av den lågtyske namneforma Jurian. Det opphavlege greske namnet er «Jeórjos» (gr. Γεώργιος) er danna av ji (Γη, 'jord') og ergo (έργο, 'arbeid').

Det opphavleg norrøne kvinnenamnet Jorunn er sett saman av jǫfurr, ('villsvin', tolka som 'høvding'), og unna, 'elske'.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  1. Folketeljinga 1910, Digitalarkivet