Lokalkasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lokalkasus er ei undergruppe av grammatiske kasus. Den grunnleggjande funksjonen til desse kasusa er å yttrykke posisjon eller rørsle, dvs. kvar ein referenten til ordet eller frasen som står i kasuset er eller er på veg til eller frå.

Sørsamisk og lulesamisk har eit system med eitt kasus for kvart av dei tre funksjonane.

Ein dimensjon
Funksjon Til i / på Frå
Kasus illativ inessiv elativ

I nordsamisk og enaresamisk har inessiv og elativ falle saman til eit kasus som har både i/på- og frå-funksjon. Dette blir tradisjonelt kalla lokativ.

I dei austersjøfinske språka er det to sett av lokalkasus, slik at kvar av dei tre funksjonane har to kasus, ein for indre og ein for ytre kasus.

To dimensjonar
Funksjon Til i / på Frå
Indre kasus illativ inessiv elativ
Ytre kasus allativ adessiv ablativ

Ungarsk har eit system med 3 x 3 lokalkasus:

Tre dimensjonar
Funksjon Til i / på Frå
Indre kasus illativ inessiv elativ
Ytre kasus allativ adessiv ablativ
Overkasus delativ superessiv sublativ

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karlsson, Fred 1976: Finskans struktur. LiberLäromedel, Lund 1976.
  • László Keresztes: Praktische ungarische Grammatik. Debrecen: Debreceni Nyári Egyetem, 1992; ISBN 963-472-038-2
  • Trosterud, Trond 1991: Lokalkasus og preposisjonar i finsk, kvensk, samisk og norsk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 9:50-78.