Skarpnebb
Skarpnebb | |
![]() Skarpnebb i sørlege Brasil Foto: Elis Simpson
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Skarpnebb | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Skarpnebbfamilien |
Slekt: | Oxyruncus |
Art: | Skarpnebb O. cristatus |
Vitskapleg namn | |
Oxyruncus cristatus |
Skarpnebb (Oxyruncus cristatus) er ein sporvefugl med utbreiing i fjellrike område av tropisk Sør-Amerika og sørlege Sentral-Amerika frå Panama nord til Costa Rica. Han er einaste arten i den biologiske slekta Oxyruncus og er for tida rekna som einaste i familien Oxyruncidae.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Denne arten er 17 cm i lengd, og veg frå 35 til 42 gram.[1] Han har ei olivengrøn overside med gult mot kanten av vengene. Hovud og hals har dominerande mørke striper på grått, undersida er bleikgul i grunnfarga med mørke flekker. Øvst og litt bak på hovudet finst ei lite synleg raud krone, hos hofuglen oransje. Krona har ein mørk kant hos begge kjønna og kjønna er elles mykje like. Nebbet er rettpeikande og kvast. Songen deira er ei kraftig, langtrekkjande lang trille som minkar i intensitet, 'sjiiiiiiiiuuaa' , to til tre gonger i minuttet.
Fuktig til våt skog ved fjellsider er typiske habitat for skarpnebb, dei går opp til 1800 moh. i Venezuela.[1] Skarpnebb har ein diett av frukt hovudsakleg, men dei vil òg ta insekt, og hengjande akrobatisk opp ned i frå kvistar tar dei insektlarver. Dei vil òg streife rundt etter mat i fleirartsflokkar saman med tanagarar, vireoar og kotingaer. Hofuglane byggjer reiret, det er lite koppforma og ligg opent på enden av ei grein. Føda til ungane er oppgulp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Sharpbill» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2010
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.