Pasjtunarar

Pasjtunarar er ei folkegruppe som stammar frå området mellom Hindukush nordaust i Afghanistan og nordlege delar av Indus i Pakistan. Målet deira er vanlegvis pasjto. Pasjtunarar er også blitt kalla afghanarar.[1]
Pasjtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, med eit estimert folketal på rundt 11 millionar tidleg på 2000-talet,[1] mellom 42 og 60 % av innbyggjarane i landet.[2] Det finst også mange av dei i Pakistan, rundt 25 millionar eller 11 %,[3][4] og mindre grupper held til i fleire delar av India. I Pakistan lever pasjtunarar særleg i område sør for Quetta.[1]
Den tradisjonelle stammeinndelinga er framleis viktig i pasjtunsk kultur. Folkegruppa er delt inn i rundt 60 stammar av ulik storleik som igjen er delt inn i klanar, og har ulike territorium. Dei mektigaste gruppene i Afghanistan er Durrani-stamma frå sør i landet, som den tidlegare afghanske kongefamilien kom frå, og Ghilzay-stammar frå området aust for Kabul.[1]
Ein del pasjtunarar har danna ei rørsle for å skipa ein sjølvstendig nasjonalstat kalla Pakhtunistan. Denne rørsla har hatt lita oppslutting, mellom anna fordi stamme og klan speler ei større rolle enn etnisitet.[5]
Norsk Pathanmisjon har vore aktiv blant pasjtunarar.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Pashtun», Encyclopædia Britannica Online, Encyclopædia Britannica Inc., 2016, henta 27. mai 2016
- ↑ «Afghanistan population: 32,564,342 (July 2015 est.)», The World Factbook (Central Intelligence Agency (CIA)), henta 20. september 2010
- ↑ «Pakistan population: 199,085,847 (July 2015 est.) [Pashtun (Pathan) 15.42%] = 30,699,037», The World Factbook (Central Intelligence Agency (CIA)), henta 10. februar 2012
- ↑ «Pakistan Index: Tracking Variables of Reconstruction & Security» (PDF), Brookings Institution, s. 13, 29. desember 2011, henta 25. januar 2012
- ↑ 5,0 5,1 Finn Thiesen, Om språkforholdene i Pakistan II – Pakistans regional- og lokalspråk