Beijing
Běijīng | |||
北京 | |||
by | |||
Himmelfredsplassen i Beijing.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 43,5 m | ||
Areal | 16 410,54 km² | ||
Folketal | 21 893 095 (2020) | ||
Tidssone | UTC +8 | ||
Postnummer | 100000–102629 | ||
Retningsnummer | 10 | ||
![]() Beijing 39°54′15″N 116°24′27″E / 39.90403°N 116.407526°E | |||
Wikimedia Commons: Beijing |

Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.
Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.
I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[1]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Beijing (forenkla kinesisk 北京, pinyin Běijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[2] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[1] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[4] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[5]
Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Det ligg 91 universitet i Beijing.[6] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.
Styresmakter
[endre | endre wikiteksten]Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2021).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 «Beijing». Store norske leksikon. Henta 26. september 2019.
- ↑ Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies 21: 1–66. JSTOR 2718619. doi:10.2307/2718619.
- ↑ Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China 34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007.
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ Archived copy 2015年北京市高校名单(共91所), gaokao.com, 22. mai 2015, arkivert frå originalen 30. november 2016, henta 29. november 2016
- Bibliografi
- Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.
- Denne artikkelen bygger på «Beijing» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2019.