Sebastian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til Johann Sebastian Bach.

Sebastian er eit mannsnamn som tyder 'opphøgd, som krever vørdnad', av gresk sebastós , eller 'mann frå Sebastia'. Sebastia (Σεβάστεια) var det greske namnet på byen som no ligg i Tyrkia og heiter Sivas.

Sebastian har namnedag i Noreg, Danmark og Sverige den 20. januar.

Kortformer av namnet er Seb, Sepi, Seppo, Bas og Bastian.[1]

Heilage Sebastian måla av Ignatij Nivinskiij.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet var lite bruke i Noreg fram til 1970, men frå utpå 1980-åra steig populariteten til namnet kraftig. I folketeljinga i 1801 vart 9 manntalsførte med namnet Sebastian I folketeljinga i 1900 vart 12 manntalsførte med dette namnet I 2008 var det 5273 som hadde Sebastian til første førenamn

Kjende personer med namnet[endre | endre wikiteksten]

Sebastian Kneipp, kjend for kneippkuren og kneippbrødet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Given Name SEBASTIAN». Behind the Name: Meaning, origin and history of the name Sebastian. Henta 22. juni 2018.