Hopp til innhald

Dusjanbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stalinabad)
Dusjanbe
Душанбе
by
Våpenskjold
Land  Tadsjikistan
Høgd 2 706 m
Areal 124,6 km²
Folketal 863 400 (1. januar 2020)[1]
Tidssone UTC +5
Kart
Dusjanbe
38°34′23″N 68°47′11″E / 38.573055555556°N 68.786388888889°E / 38.573055555556; 68.786388888889
Wikimedia Commons: Dushanbe

Dusjanbe er hovudstaden i Tadsjikistan. Han ligg vest i landet, der dei to elvane Varzob og Kofarnihon renn saman. I 2020 hadde byen 863 400 innbyggjarar.

Satellittbilete av Dusjanbe.

Namnet «Dusjanbe» tyder 'måndag' på persisk og tadsjikisk, og viser til ein måndagsmarknad som blei halden her i tidlegare tider.[2] Namnet blei tidlegare skrive «Djusjambe» (Dyushambe), ei russifisering av Dusjanbe. Mellom 1929 og 1961 hadde byen namnet «Stalinabad» etter Josef Stalin.[3] «Dusjanbe» blei gjeninnført i 1961 under avstaliniseringa.[4]

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]
Brødmarknad i Dusjanbe.

Av innbyggjarane i Dusjanbe er 89,5 % tadsjikarar, 6,7 % usbekarar, 2,6 % russarar og 2,4 % andre folkeslag.[5][6]

Historisk folketal i Dusjanbe
År Innbyggjarar
1926 6 000
1936 83 000
1956 227 000
1971 388 000
1991 582 000
2002 579 000
2006 661 000
2016 802 700
2022 1 201 800

Dusjanbe er delt inn i 4 distrikt:

  1. Abu Ali Ibn Sina
  2. Firdawsi
  3. Ismail Samani
  4. Sjokhmansur


Viktige stader

[endre | endre wikiteksten]
Vahdat-palasset.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Dusjanbe har fleire venskapsbyar.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/Tajikistan.html.
  2. D. Saimaddinov, S. D. Kholmatova, and S. Karimov, Tajik-Russian Dictionary, Academy of Sciences of the Republic of Tajikistan, Rudaki Institute of Language and Literature, Scientific Center for Persian-Tajik Culture, Dushanbe, 2006 (oppgjeve av Engelsk Wikipedia).
  3. «Tajikistan», The World Factbook (CIA), henta 30 January 2020, «etymology: today's city was originally at the crossroads where a large bazaar occurred on Mondays, hence the name Dushanbe, which in Persian means Monday, i.e., the second day (du) after Saturday (shambe)» 
  4. «Demolishing Dushanbe: how the former city of Stalinabad is erasing its Soviet past», The Guardian, 19. oktober 2017, henta 7. november 2019 
  5. «/ Исполнительный орган государственной власти города Душанбе», www.dushanbe.tj, henta 12. april 2021 
  6. «Национальный состав, владение языками и гражданство населения Республики Таджикистан» (PDF), Tajikistan Agency of Statistics (på russisk og tadsjikisk), 14. oktober 2013, arkivert frå originalen (PDF) 14. oktober 2013, henta 8. juli 2021 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dusjanbe