Hopp til innhald

Toruń

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Thorn)
Toruń
by
Gamlebyen i Toruń frå venstresida av Wisła.
Foto: René Klein
Flagg
Våpenskjold
Motto: Durabo – «Eg vil vare ved»
Land  Polen
Fylke Kujaviskpommerske
Høgd 30 m
Areal 115,75 km²
Folketal 198 273 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 1200-talet
 •  Byrettar 1233
Postnummer 87-100 til 87-120
Retningsnummer +48 56
Bilnummer CT
Kart
Toruń
53°01′00″N 18°37′00″E / 53.016666666667°N 18.616666666667°E / 53.016666666667; 18.616666666667
Wikimedia Commons: Toruń

Toruń[a] er ein by nord i Polen ved elva Wisła. Han har om lag 200 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Kujaviskpommerske voivodskap, etter Bydgoszcz. Nicolaus Copernicus vart fødd i den gamle mellomalderbyen Toruń, som er skrive inn på verdsarvlista til UNESCO sidan 1997.

Tidlegare var byen hovudstad i Toruń voivodskap (1975–1998) og Pommerske voivodskap (1921–1945). Sidan 1999 har Toruń vore sete for det sjølvstyrte Kujaviskpommerske voivodskapet, ein tittel han deler med Bydgoszcz. Desse byane og dei omliggande kommunane dannar eit storbyområde.

Rådhuset.

Toruń (Thorn) vart grunnlagd av Den tyske riddarordenen på 1230-talet. Enkelte meiner at byen vart kalla opp etter krossfararbyen Toron i Kongedømet Jerusalem, medan andre peikar tilbake på den vesle landsbyen Toruń eller Toroń som var her før dei tyske riddarane kom her. Frå 1466 vart byen ein del av Kongedømet Polen, men under delingane av Polen 1793 vart han underlagd Kongedømet Preussen. Byen var eit medlem av Hansaen. I Napoleonstida vart byen lagt under Hertugdømet Warszawa, men frå 1814 kom han igjen innunder Preussen. Han vart ein del av Preussen og seinare ein del av Det tyske keisardømet fram til slutten av den første verdskrigen, då han vart overført til den nyoppretta polske republikken. Under den andre verdskrigen vart Thorn igjen innlemma i Tyskland, men etter slutten av krigen vart han ein del av Folkerepublikken Polen.

Kjende personar frå Toruń

[endre | endre wikiteksten]
  1. tysk Thorn, kasjubisk Torń, latinsk Thorunium

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toruń
Reiseguide for Toruń frå Wikivoyage