Hopp til innhald

Vorkuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vorkuta
Воркута
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Komi
Høgd 180 m
Areal 29,8 km²
Folketal 55 702 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1931
 •  Bystatus 1943
Postnummer 1699xx
Retningsnummer (+7)82151
Kart
Vorkuta
67°30′00″N 64°02′00″E / 67.5°N 64.033333333333°E / 67.5; 64.033333333333
Wikimedia Commons: Vorkuta

Vorkuta (russisk Воркута́; komi Вӧркута, nenetsisk Варкута) er ein kolgruveby i republikken Komi i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg like nord for polarsirkelen i kolbekkenet til Petsjora.

Byen har opphav i ein av die mest frykta arbeidsleirane i Gulag, grunnlagd i 1931. Det var i Vorkuta (i 1937) at stalinistregimet på 1930-talet fullførte den fysiske likvideringa av den trotskistiske venstreopposisjonen.

Typisk bustadområde i Vorkuta, vinteren 2007.
Foto: Anton Obolensky

I 1941 vart byen og arbeidsleirsystemet rundt han knytt til resten av landet via ein fangebygt jernbane frå Konosja og Kotlas til leirane ved Inta. Vorkuta fekk bystatus 26. november 1943. Byen var det største senteret for Gulag-leirar i europeisk Russland og var administrativt senter for eit stort tal mindre leirar og underleirar, av dei Kotlas, Petsjora og Izjma (dagens Sosnogorsk). I 1953 var byen åstad for eit større opprør hos fangane i leirane, det såkalla Vorkutaopprøret. Som ved andre fangeleiropprør (som Kengiropprøret) vart det blodig slått ned av Den raude armeen og NKVD. Seinare, på 1950-talet, vart mange av Gulagleirane lagt ned. Det er derimot rapportert at enkelte leirar i Vorkutaområdet var i drift heilt inn på 1980-talet.

Etter tusenårsskiftet har mange av gruvene rundt byen vorte stengde på grunn av høge driftskostnadar. På slutten av 1980-talet og inn på 1990-talet var det streikar og aksjonar frå gruvearbeidarar som ikkje hadde fått løn på over eit år.[1]

Under den kalde krigen låg ein viktig base for strategiske bombefly like ved byen.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vorkuta