Asino
Asino | |||
Асино | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Tomsk oblast | ||
Areal | 90 km² | ||
Folketal | 24 913 (2021) | ||
Grunnlagd | 1896 | ||
• Bystatus | 1952 | ||
Postnummer | 636840 | ||
Retningsnummer | +7 38241 | ||
Bilnummer | 70 | ||
![]() Asino 57°00′N 86°09′E / 57°N 86.15°E | |||
Wikimedia Commons: Asino |
Asino (russisk А́сино) er ein by i Tomsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tsjulym, ei sideelv til Ob, rundt 90 km nordaust for Tomsk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd i 1896 som busetnaden Ksenijevka eller Ksenijevskij, kalla opp etter systera til den siste russiske tsaren, Nikolai II, storfyrstinne Ksenija (Xenia) Aleksandrovna. I 1930 starta bygginga av jernbanen Tomsk–Ksenijevskoje. Byen skifta namn til Asino i 1933, etter jernbanestasjonen. Namnet Asino kjem av Asja, eit russisk diminutiv av Ksenija. Han fekk bystatus i 1952.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Asino er eit sentrum for tømmerretta verksemd som hogst, treforedling og storskala utskipning av tømmer. I tillegg har området kjøtt- og mjølkekombinat og ein linfabrikk.
Jordbruket i Asinoregionen er prega av rug, kveite og lin, samt oppdrett av kveg og svin. Førekomstar av torv, sand og leire finst òg i området.
Byen har elvehamn ved elva Tsjulym og ein jernbanestasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Asino» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.