Hopp til innhald

Bietschhorn

Koordinatar: 46°23′29″N 7°51′3″E / 46.39139°N 7.85083°E / 46.39139; 7.85083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bietschhorn
fjell
Sørveggen på Bietschhorn
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 934 m moh.
Primærfaktor 806 m m
Førstestiging 13. august 1859
Koordinatar 46°23′29″N 7°51′3″E / 46.39139°N 7.85083°E / 46.39139; 7.85083
Kart
Bietschhorn
46°23′29″N 7°51′00″E / 46.39125°N 7.850075°E / 46.39125; 7.850075
Wikimedia Commons: Bietschhorn

Bietschhorn (3934 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Nordaust- og sørsidene av fjellet er omfatta av UNESCOs verdsarvliste. Bietschhorn ligg sør for dalen Lötschental og ved nordenden av dalane Bietschtal og Baltschiedertal. Dei fleste klatrarane startar sine turar til fjells frå antan Bietschhornhütte eller Baltscheiderklause.

Bietschhorn vart klatra fyrste gongen den 13. august 1859. Briten Leslie Stephen hadde då fylgje av fjellførarane Anton Siegen, Johann Siegen og Joseph Ebener. Ei utgreiing om denne fyrstebsttigninga vart publisert i Stephen si bok The Playground of Europe (1871).

På nordsida av fjellet sig Nestgletscher ned i Lötschental. Biestchgletscher på sørsida har i stor grad smelta ned dei seinare tiåra.

Fjellskred 2025

[endre | endre wikiteksten]

Kleiner Nesthorn, ein fjellrygg på nordvestsida av Bietschhorn, 3 342 meter over havet og beståande av gneis og amfibolitt byrja sige og rase ut i mai 2025. Eit steinras natt til 14. mai 2025 tok med måleutstyr montert i 1990-åra. Landsbyen Blatten vart evakuert, då fleire millionar kubikkmeter berg stod i fare for å rase ut. Morgonen 19. mai rundt 04.19 UTC utløyste eit steinras eit lite jordskjelv styrke 1,8 (ml). Frå klokka 14 til 18.40 sokk toppdelen av fjellryggen Kleines

Nordsida av Bietschhorn 19. mai 2025

Nesthorn over 30 meter på nordaustsida. Ved middagstid den 20. mai hadde steinmassar med eit samla volum på 1,5 millionar kubikkmeter sklidd mot breen under fjellryggen. Nye steinras i fjellsida på Kleiner Nesthorn enda, kvelden 23. mai, med at toppen av Kleiner Nesthorn rausa ned. Stein- og bre-raset overdyngde det meste av landsbyen Blatten.