Hopp til innhald

Counter-Strike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Counter-Strike

Utviklar(ar)Valve Corporation
Utgjevar(ar)Valve Corporation, Sierra Entertainment, Nexon
DistributørSteam
Programmerar(ar)Minh Le
SerieCounter-Strike
SpelmotorGoldSrc
Siste versjon1.0 (beta), 1.0, 1.6
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, Linux, Xbox
Utgjeving14. november 2000
Sjangertaktisk skytespill, skytespel i førsteperson
Spelemodusfleirspelar
AldersgrensePEGI 16
Del av serien Counter-Strike⠀
Counter-Strike: Condition Zero→

Counter-Strike (CS) er eit lagbasert fyrstepersonsskytespel. Det er ein modifikasjon av spelet Half-Life. Ein speler som regel Counter-Strike over Internett eller lokalnettverk mot andre menneske, sjølv om det finst datastyrte spelarar (bots) som kan lastast ned. Spelet går vanlegvis i rundar, som vanlegvis varer i to til tre minutt.

Counter-Strike går ut på at ein har to fraksjonar, anti-terroristane og terroristane, forkorta til CT og T. På forskjellige kart, med forskjellige mål, kjempar då CT og T mot kvarandre. Det lettaste måten å vinna i CS på er å drepa alle motstandarane, då har spelaren/spelarlaget ditt vunne. Men om tida går ut, ser ein på kven som har oppnådd mpla sine.

Counter-Strike blei utvikla som ein Half-Life-modifikasjon av amerikanske Minh Le og Jess Cliffe. Første versjonen av spelet kom ut 19. juni 1999. Half-Life-utviklarane Valve kjøpte opp spelet då die såg at det raskt blei eit av verdas mest populære internettspel. Sidan har spelet blitt oppdatert av Valve ei rekkje gonger. I 2003 kom det ut ein versjon til Xbox, og våren 2004 offentleggjorde Valve Counter-Strike: Condition Zero, som i tillegg til å ha oppdatert grafikk og spelbarheit også introduserte ein einspelardel. Då Half-Life 2 kom ut med den nye spillmotoren Source, blei CS omdanna for å bruke denne motoren, og lansert som Counter-Strike: Source.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]