Hopp til innhald

Cuxhaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cuxhaven
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Cuxhaven
Høgd 0–38 m
Areal 161,92 km²
Folketal 48 713 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1907
Postnummer 27472–27478
Retningsnummer 04721–04724, 04727
Bilnummer CUX
Kart
Cuxhaven
53°52′00″N 8°42′00″E / 53.866666666667°N 8.7°E / 53.866666666667; 8.7
Wikimedia Commons: Cuxhaven

Cuxhaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved kysten av Nordsjøen og munningen av Elbe. Cuxhaven strekkjer seg 14 km frå aust til vest og 7 km frå nord til sør. Han er administrasjonsstad i landkreisen Cuxhaven og er ein populær feriestad ved Nordsjøen.

Cuxhaven er ein relativt ung by og vart først ein by 15. mars 1907. I over 600 år fram til 1937 høyrte Cuxhaven til Hamburg.

Mellom 1945 og 1964 vart det utført forskjellige raketteksperiment nær Cuxhaven. I oktober 1945 vart V-2-raketten skote opp som ein demonstrasjon for dei allierte. Seinare vart det avfyrt mange rakettar her, alt frå naudrakettar til store forskingsrakettar. I 1963 vart den første raketten som nådde ei høgd 120 km skote opp frå Cuxhaven. Etter ei ulukke med dødleg utfall i 1964 vart testoppskytinga lagt ned.

Utsyn over Cuxhaven.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cuxhaven