Drikkevise


Drikkevise er ein kort eller lang song som ofte handlar om å drikka (alkohol) eller situasjonen rundt drikkinga. Slike songar blir gjerne framførte i samband med drikking.
Ein kan påvisa drikkeviser frå så langt tilbake som Aristofanes i Det gamle Hellas.
Drikkevisene blei nytta i Europa i mellomalderen, og som ein kuriositet kan me ta med at universitetets «Gaudeamus Igitur» er ein gammal skålsong på latin.
Skil ein mellom drikkeviser og kva ein kan kalla skålsongar med anna innhald av hyllest til gudane, til årstida, til ungdommen eller patriotisme, er drikkevisene mest folkelege.
Av reine drikkeviser blei det skrive lite av norske diktarar på 1700- og 1800-talet, då dei var meir opptekne av det patriotiske, der siste vers ikkje sjeldan munna ut i ein «skål» for fedrelandet. Meir reine drikkeviser var det på den tida fyrst og fremst svenskane som skreiv.
Norske drikkeviser fekk eit oppsving med den nye ungdomskulturen i etterkrigstida, godt hjelpt av trondhjemsstudentane som samla opp til til Smørekoppens visebok, der drikkevisene fekk betre plass for kvart nytt opplag. Visebølgja frå 1960-åra gav også bidrag til tilfanget.
Eit døme på ei kort drikkevise som går rett på sak er for forsongar og forsamling og lyder:
- Hva blåser det for vind i dag?
- Brennvin(d)!!
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Drikkevise» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2025.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Smørekoppens visebok Norges mest solgte visebok i sin 17. utgave, laget av studentene ved Norges tekniske høgskole
- [Erik Aall Flood og Lorentz N. Kvam], Helan går: Bordsange og drikkeviser samlet av Smuttan og Lille Manasse, Oslo 1928
- [Erik Aall Flood og Lorentz N. Kvam], Skaal, kamerater! Helan går II. Nye selskapsanger og bordviser samlet av Smuttan og Lille Manasse. Oslo 1934
- Nordiske drikkeviser i utvalg ved Yukon Gjelseth, Oslo 1980
- Louis Jacoby og Øystein Øystå. 96 drammeviser, Oslo 2001