Hopp til innhald

FC Inter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FC Inter
Fullt namnFootball Club Internazionale Milano S.p.A.
KallenamnIl Nerazurri «Svartblå»
La Beneamata «Dei bejubla»
Biscione «Den store hoggormen»
Grunnlagd9. februar 1908
HeimebaneSan Siro
(kapasitet: 80,018)
StyreleiarSteven Zhang
HovudtrenarSimone Inzaghi
LigaSerie A
2023/241. plass i Serie A
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Football Club Internazionale Milano, til vanleg omtala som Inter, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart skipa i 1908. Klubben spelar denne sesongen i Serie A. Noverande hovudtrenar er ingen verdi.

Inter spelar vanlegvis i svartblå-stripete trøyer, og vert på folkemunne ofte kalla for Nerazzurri (dei svartblå). Inter er ein av dei største fotballklubbane i Italia og har vunne 19 Serie A-titlar; einast Juventus har fleire serietitlar. Inter har vunne Europacupen og Meisterligaen tre gongar og UEFA-cupen tre gongar.

Inter er den einaste klubben i det italienske seriesystemet som alltid har spela i toppdivisjonen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ("Den vesle madonnaens derby"), mot erkerivalen AC Milan. Begge desse klubbane spelar sin heimekampar på Stadio Giuseppe Meazza.