Hopp til innhald

Falcon 9

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Falcon 9-rakett før oppskyting av Iridium-satellittar frå Vandenberg Air Force Base i California
Falcon 9 under oppskyting frå Cape Canaveral i Florida
Nærbilete av motorane til Falcon 9 under oppskyting
Eit Falcon 9-fyrstesteg kveikjer motorane før landing
Eit Falcon 9-fyrstesteg landar ved Cape Canaveral
Eit Falcon 9-fyrstesteg rett før ei vellukka landing til havs
Droneskipet «Just Read the Instructions» i Atlanterhavet klar for landing av eit Falcon 9-fyrstesteg

Falcon 9 er ein 70 meter høg tostegsrakett frå SpaceX.[1] Fyrstesteget på raketten har landa på jorda etter vellukka oppskyting fleire gonger, mellom anna på droneskip til havs.[2] Falcon 9 er den fyrste privatbygde raketten som har skote menneske opp i bane kring jorda.[3]

31. mars 2017 norsk tid vart eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att for fyrste gongen då det skaut opp kommunikasjonssatellitten SES-10. Dette fyrstesteget hadde skote opp last til Den internasjonale romstasjonen 8. april året før. Dette var fyrste gongen ein rakett i stand til å setja ting inn i jordbane hadde vore nytta om att sidan dei amerikanske romferjene.[4] Seinare vart endå eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att.[5]

  • 4. juni 2010: fyrste oppskytinga av ein Falcon 9-rakett[6]
  • 22. desember 2015: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg[7]
  • 8. april 2016: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg til havs på eit droneskip[8]
  • 31. mars 2017: fyrste Falcon 9-fyrstesteget skote opp for andre gongen[4]
  • 11. mai 2018: fyrste blokk 5-utgåva av Falcon 9 skoten opp[9]
  • 3. desember 2018: fyrste Falcon 9-fyrstesteget skote opp for tredje gongen[10]
  • 30. mai 2020: fyrste oppskytinga med menneske om bord[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Falcon 9