Faloda
Faloda (hindi फ़लूदा, tamil பலுடா, bengali ফালুদা; også romanisert faloood og faluda) er ein søt drikk eller dessert som er utbreidd i Sør-Asia. Han blir tradisjonelt laga ved å blanda rosevatn, tynne nudlar (vermicelli), søte basilikumfrø (sabza/takmaria) og gelébitar med mjølk, og blir ofte servert med iskrem oppå.[1]


Nudlane ein nytter er laga av kveite,[2] arrowroot, maisenna eller sago.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Faloda stammar frå Persia, der den liknande retten faloodeh er populær. Retten kom til India med dei muslimske herskarane som erobra landet og etablerte dynasti der.[4]
Formene av faloda som er vanlege i dag blei utvikla i Mogulriket og spreidde seg i lag med dette. Det blei laga lokale variantar av retten i andre muslimske statar, som fyrstestaten Hyderabad og Det karnatiske fyrstedømet.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Falooda Recipe, henta 3. januar 2017
- ↑ «Falooda», ifood.tv, henta 26. januar 2015
- ↑ Falooda Sev Recipe, henta 3. januar 2017
- ↑ «Falooda», iFood.tv, henta 4. april 2016
- ↑ «The Royal Falooda | Eating India», www.eatingindia.net, arkivert frå originalen 28. mai 2017, henta 4. april 2016
- Denne artikkelen bygger på «Faloda» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2017.