Flint i Michigan
Flint | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Michigan | ||
Areal | 88,210326 km² | ||
Folketal | 81 252 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Flint i Michigan 43°01′08″N 83°41′36″W / 43.018888888889°N 83.693333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Flint, Michigan |
Flint er ein by sentralt i delstaten Michigan i USA. Han ligg ved Flintelva, 106 kilometer nordvest om Detroit. Byen har kringom 80 000 ibuarar og er ein del av storbyområdet Detroit–Ann Arbor–Flint. Flint er fylkessete i Genesee County.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Byen oppstod i 1819 som stasjon i pelshandelen, men voks sidan meir gjennom trelastnæringa. Staden fekk i 1855 bystatus som Flint. Mot slutten av 1800-åra var byen ein leiande produsent av vogner og kjerrer. Fyrste bilfabrikken, Buick Motor Company, opna i 1904 og General Motors vart grunnlagt i 1908. Byen voks til eit kraftsenter innom bilindustrien, basert på merka Buick og Chevrolet. Særleg framgangsrik var byen dei to fyrste tiåra etter andre verdskrigen. Flint var då nest største «bilbyen» i USA, einast Detroit var større. I 1960 budde 196 940 menneske i Flint.
Siden slutten av 1960-åra har Flint vore i ein vedvarande krisetilstand, Framom alt råka innskrenkingane til General Motors byen hardt. Frå ein topp på i kring 80 000 tilsette i 1978, reduserte bil-giganten arbeidsstokken til under 8 000 dei neste tretti åra. Allereie før ein kom så langt, var Flint vide kjent for sine høge kriminalitetsratar. Etter den tid har Flint jamnt vore rangert som ein av dei mest utrygge byane i USA.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Flint ligg i Flint/Tri-Cities-regionen i Michigan. Flint og Genesee County kan reknast som ein underregion av Flint/Tri-Cities. Han ligg ved Flint-elva, som renn gjennom countya Lapeer, Genesee og Saginaw og er 78,3 lang.[2]
Ifølge folketeljingsbyrået i USA har byen eit totalt areal på 34,06 km², av dei er 33,4 km² land og 0,64 km² vatn.[3] Flint ligg like nordaust for Flint-åsane. Terrenget er lågt og rullane langs sør- og austsidene, og flatare mot nordvest.
Nabolag
[endre | endre wikiteksten]Flint har fleire nabolag grupperte rundt sentrum av byen på fire sider. Det sentrale forretningsdistriktet i sentrum har sentrum i Saginaw Street sør for Flint River. Litt vest på motsett side av elva er Carriage Town (nord) og Grand Traverse Street District (sør). Begge nabolaga har sterke lokalforeiningar. Nabolaga var sentrum for produksjon og vinning frå vognindustrien i landet fram til 1920-talet. Det finst mange godt bevarte viktorianske heimar her. Atwood Stadium ligg også i området.

Halvparten av dei fjorten høgaste bygningane i Flint blei bygde på 1920-talet. Genesee Towers, som tidlegare var den høgaste bygningen i byen, stod ferdig i 1968.[4] Bygget blei ikkje brukt i seinare år, og hadde stort forfall, med eit varselskilt på fortauet framfor det om fallande delar. Eit investeringsselskap kjøpte bygningen for 1 dollar, og det blei rive (gjennom implosjon) den 22. desember 2013.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet er typisk for søraustlege Michigan Flint har fuktig kontinentalklima (Köppen Dfb), og er ein del av USDA Hardiness zone 6a.[5] Vintrane er kalde, med moderat snøfall og temperaturar som ikkje stiger over frysepunktet på gjennomsnittleg 52 dagar i året, medan han går ned til 0 °F (−18 °C) ° F (−18 ° C) eller under på gjennomsnittleg 9,3 dagar i året. Somrane er varme til heite med temperaturar som overgår 90 °F (32 °C) ° F (32 ° C) på 9,0 dagar. Den månadlege gjennomsnittlege dagstemperaturen varierer frå 23,0 °F (−5,0 °C) i januar til 70,9 °F (21,6 °C) i juli.
Nedbørsmengda er moderat og delvis likt fordelt gjennom året, sjølv om dei varmare månadene gjennomsnittleg har meir, med eit gjennomsnitt på 31,97 tommar (812 mm) årleg, men historisk med variasjonar frå 18,08 in (459 mm)til 45,38 in (1 153 mm) i 1975. Snø fell typisk i målbare mengder mellom 12. november og 9. april (av og til i oktober og svært sjeldan i mai), og er i gjennomsnitt 52,1 tommar (132 cm) per år, sjølv om det historisk har variert frå 16,0 in (41 cm) i 1944-45 til 85,3 in (217 cm) 2017–2018.
8. juni 1953 blei Flint ramma av ein F5-tornado som tok 116 liv.[6]
Vêrdata for Flint, Michigan (Bishop Int'l), normalar 1991–2020, ekstremar frå 1921 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 18 | 23 | 30 | 31 | 34 | 40 | 42 | 39 | 38 | 32 | 26 | 21 | 42 |
Gns. høgaste maks °C | 11,2 | 11,7 | 20,1 | 25,8 | 30,1 | 33,3 | 33,7 | 33,1 | 31,3 | 26,3 | 18,9 | 12,8 | 34,9 |
Gjennomsnittleg maks °C | −1,2 | 0,4 | 6,3 | 13,7 | 20,5 | 25,7 | 27,8 | 26,6 | 22,8 | 15,6 | 8,1 | 1,6 | 14 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −5 | −4,1 | 1,2 | 7,8 | 14,1 | 19,5 | 21,6 | 20,6 | 16,5 | 10,1 | 3,8 | −1,8 | 8,7 |
Gjennomsnittleg min °C | −8,9 | −8,5 | −3,8 | 1,8 | 7,8 | 13,3 | 15,4 | 14,6 | 10,2 | 4,6 | −0,6 | −5,3 | 3,4 |
Gns. lågaste min °C | −21,2 | −20,2 | −14,8 | −5,9 | −0,1 | 5,2 | 8,4 | 7,8 | 1,7 | −3,4 | −9,2 | −15,8 | −23,4 |
Lågast målte °C | −32 | −32 | −27 | −14 | −6 | 1 | 4 | 3 | −3 | −7 | −22 | −28 | −32 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 51 | 43 | 50 | 80 | 93 | 79 | 87 | 80 | 74 | 70 | 58 | 48 | 812 |
Gjennomsnittleg snø cm | 38 | 33 | 17 | 6,1 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,76 | 8,4 | 29 | 132 |
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.01 in) | 14,2 | 10,9 | 11 | 12,7 | 12,1 | 10,8 | 9,5 | 10 | 9,6 | 11,8 | 11,6 | 13,8 | 138 |
Gns. snødagar (≥ 0.1 in) | 13,3 | 10,7 | 6,2 | 2,4 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,3 | 3,6 | 10,3 | 46,8 |
Gns. luftfukt (%) | 75,3 | 73,1 | 70,3 | 65,8 | 65,5 | 68,4 | 69,6 | 73,3 | 75,6 | 73,2 | 75,6 | 77,4 | 71,9 |
Gns. doggpunkt °C | −9,3 | −8,8 | −4,2 | 1,1 | 7 | 12,6 | 15,2 | 14,9 | 11,4 | 5 | −0,1 | −5,9 | 3,2 |
Kjelde: NOAA (relative humidity and dew point 1961–1990)[7][8][9] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ «Lakes, Rivers and Wetlands». Michigan State University. Henta 20. februar 2017.
- ↑ «US Gazetteer files 2010». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 25. januar 2012. Henta 25. november 2012.
- ↑ «Flint, Michigan». SkyscraperPage.com. Henta 21. mai 2012.
- ↑ «USDA Plant Hardiness Zone Map». United States Department of Agriculture. Arkivert frå originalen February 27, 2014. Henta June 1, 2014.
- ↑ «NOAA MARKS 50TH ANNIVERSARY OF THIRD DEADLIEST YEAR FOR TORNADOES». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta June 7, 2015.
- ↑ NowData – NOAA Online Weather Data, National Oceanic and Atmospheric Administration, henta 8. mai 2021
- ↑ «Station: Flint Bishop INTL AP, MI», U.S. Climate Normals 2020: U.S. Monthly Climate Normals (1991–2020) (National Oceanic and Atmospheric Administration), arkivert frå originalen 16. september 2023, henta 8. mai 2021
- ↑ FLINT/BISHOP, MI Climate Normals 1961–1990, National Oceanic and Atmospheric Administration, arkivert frå originalen 15. september 2023, henta 20. juni 2014
- Denne artikkelen bygger på «Flint, Michigan» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2023.