Gargrave
Gargrave | |||
landsby | |||
St Andrew's kyrkje i Gargrave
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 1 738 (2021)[1] | ||
![]() Gargrave 53°59′02″N 2°06′18″W / 53.984°N 2.105°W | |||
Wikimedia Commons: Gargrave |
Gargrave er ein stor landsby og eit sivilt sokn (civil parish) i Craven i North Yorkshire i England. Staden har 1 764 innbyggjarar (2001).[2]
Litt sør for byen ligg ruinane av ein romersk villa som no er kjend som Kirk Sink. Villaen var dekorert med mosaikk med tessellering, og kan ha tilhøyrd ein britisk-romersk familie.[3]
Herskapshuset Gargrave House frå 1917 blei teikna av den kjende skotske arkitekten James Dunn.

Transport
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg ved elva Aire og Leeds og Liverpoolkanalen, ei ferdselsåre som tidlegare var viktig for transport og i dag mest blir brukt til turisme.
Den travle hovudvegden A65, som går frå Leeds til Kendal i Lake District, går gjennom landsbyen. Gargrave jernbanestasjon gjev samband med Leeds i aust og Morecambe og Carlisle i vest. Gargrave har også bussamband til Skipton, Settle, Malham, Barnoldswick og Preston.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ Neighbourhood statistics, arkivert frå originalen 18. juni 2015, henta 18. juni 2015
- ↑ «Kirk Sink Villa» Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine. og «Kirk Sink Villa Mosaics» Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine., cravenmuseum.org
- Denne artikkelen bygger på «Gargrave» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gargrave ved britishlistedbuildings.co.uk