Hopp til innhald

Garnfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garnfiske der garnet blir kasta i Orissa i India.
Foto: Sujit Kumar
Bruk av fiskegarn i Bangladesh.

Garnfiske er ein type fiske der ein nyttar garn for å fanga fisk eller andre dyr i havet. Ein kan driva garnfiske frå båt eller frå land, med fleire ulike typar garn.

Garnfiske går tilbake til steinalderen. Det eldste fiskegarnet ein har funne var eit seljenett frå Antrea i Karelia datert til 8300 f.Kr.[1] Ein har også funne garnsøkke i Korea frå 27000 f.Kr., dei eldste ein kjenner i verda.[2]

  1. «The palaeoenvironment of the Antrea Net Find», University of Helsinki Research Portal (Finnish Antiquarian Society), 2008 
  2. «Cast from the past: World's oldest fishing net sinkers found in South Korea», m.phys.org