Hopp til innhald

Genom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Genomet er den totale mengda av arvestoff til ein organisme. Det inkluderer alle gen på alle kromosom. Det vert òg nytta om eitt einskild sett av kromosom (haploiditet).[1]

Menneskegenomet har kring 3 milliardar basepar, og nukleotidsekvensen dess vart skildra i ei utgjeving i 2003.[1]

Per april 2023 er genoma til 240 sogdyr sekvenserte.[2]