Hopp til innhald

Gjerdevikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjerdevikke
Gjerdevikke
Gjerdevikke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Fabeae
Slekt: Vikkeslekta Vicia
Art: Gjerdevikke V. sepium
Vitskapleg namn
Vicia sepium

Gjerdevikke (Vicia sepium) er ei plante i ertefamilien som er utbreidd over Europa og Asia.

Planta er om lag 40 cm høg. Stengel og blad er snaue. Blada er små og eggforma med tydelege midtnervar. Dei sit i 6-7 par på sidestenglar. Gjerdevikke har 2-4 kortskafta blomstar saman i bladhjørne. Skolma vert svart til slutt. Gjerdevikke blømer kring juni i småskog over heile Noreg. På Finse er planta funnen opp til 1220 m.

Gjerdevikke kan blandast saman med fuglevikke. Artane kan skiljast gjennom at fuglevikke har mindre og meir mørkegrøne småblad, og fleire småblad på kvart bladskaft. Vidare har gjerdevikke færre blomar og ofte ein raudare variant av den fiolette fargen.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]