Harrytur

Harrytur er eit slangomgrep om ei kort reise over ei grense for å driva grensehandel. I britisk slang viser det tilsvarande omgrepet booze cruise til slik handel der den viktigaste vara er alkohol, og ein reiser frå Storbritannia til Frankrike eller Belgia for å dra nytte av lågare prisar og kjøp av personlege forsyningar av (særleg) alkohol eller tobakk i store mengder.[1] Dette er ein lovleg prosess som ikkje må forvekslast med smugling.
Norsk «harrytur»
[endre | endre wikiteksten]
Det norske omgrepet «harrytur» eller «harryhandel» oppstod etter at den dåverande norske landbruksministeren Lars Sponheim i eit intervju i Dag og Tid i februar 2002 uttalte at det var «harry» å dra på handletur til Svinesund.[2][3] Førenamnet Harry kan i norsk slang nyttast som adjektiv eller substantiv for å karakterisera ein person eller handling som «vulgær», «smaklaus» eller «udanna».
Kjøtvarer, alkohol og sigarettar er dyrare i Noreg enn i nabolanda, og mange nordmenn har tradisjon å dra til grensebutikkar i Sverige (særleg Strömstad, men også til dømes Charlottenberg og Töcksfors), Finland og Russland.
Noreg har EØS-avtalen med EU, som inneber at varer kan importerast frå EU til Noreg utan toll. Lokale skattar må betalast, men dei er omtrent dei same mot Sverige på mange varer. Mat, drikke, tobakk og andre landbruksvarer blir ikkje dekte av EØS-avtalen, og det er særleg slike varer som har stor prisforskjell.
I grensenære delar av Noreg har det utvikla seg ein folketradisjon med handleturar til Sverige i påska,[4] særleg på skjærtorsdag, ein heilagdag som er arbeidsfri i Noreg, men ikkje i Sverige. Til Svinesund og Strömstad er det gjerne rånar-miljø som dreg for å festa denne dagen, og i påskeveka passerer det 10 000 til 15 000 bilar over Svinesund kvar dag.[5]
Britiske harryturar
[endre | endre wikiteksten]
Generelt er alkohol- og tobakksavgifter lågare i Frankrike enn i Storbritannia. Økonomisk sett er det rimeleg for folk å kjøpa store forsyningar vin, øl, alkohol og tobakk i Frankrike i staden for Storbritannia. Det er stor konkurranse mellom ferjeselskapa og LeShuttle i Kanaltunnelen.
Verksemda er blitt viktig rundt dei store ferjehamnene i Calais, Boulogne og Dunkirk i Frankrike og Ostend i Belgia. Endå lengre ruter frå Cherbourg i Normandie og Bretagne genererer liknande verksemd med ferjer frå Irland, der alkoholavgiftene er enda høgare. Utkjørslevegen frå ferjehamna i Calais går forbi fleire store kjøpehus som tener marknaden, og nokre store britiske supermarknaddskjeder har butikkar her som berre sel alkohol, i flasker som er identiske med dei dei sel i Storbritannia, men med store rabattar. Det er også opna eiy enorm kjøpesenter ved opninga til kanaltunnelen, Cité Europa, som tiltrekkjer seg ei stor mengd britiske kjøparar.
Etter at tobakksavgifta i Frankrike auka, er det i dag svært vanleg at røykjarar dreg til den visle byen Adinkerke, like over grensa til Belgia, der avgifta er lågare. Nokre av dei som vil kjøpa både tobakk og alkohol dreg i triangelfart (Dover - Dunkerque - Calais - Dover eller omvendt).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «We're all going on a 'booze-cruise' holiday». BBC News. 5 November 2002.
- ↑ «Når bøndene trekkjer opp stigen etter seg». Dag og Tid. 3. februar 2002. Henta 2. juli 2017.
- ↑ Aftenposten, 3. juli 2003, side 8
- ↑ «Fullstendig kaos på vei til Strömstad». dagbladet.no. Henta 2. juli 2017.
- ↑ 4. april 2012
- Denne artikkelen bygger på «Booze cruise» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2025.