Inkaer
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Inkariket.
Inkaer | |
![]() Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Tad Boniecki
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Heliantheini |
Slekt: | Inkaer Coeligena Lesson, 1832 |
Inkaer (Coeligena) er ei biologisk slekt av mellomstore til store, snøgt flygande kolibriar som lever i høglandet i Andesfjella frå midt i Bolivia i sør, nordover til nordlegaste Colombia og nordvestre Venezuela.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Inkaer har kroppslengd på frå 11 til 14,5 cm og veg mellom 6 og 8 gram. Dei har 28–34 mm lange, rette, nesten nåleliknande nebb, og syner kjønnsdimorfisme i lengda på nebbet. Når dei sit på ei grein held dei nebbet litt oppeikande.[1] Dei fleste artane har ein liten kvit flekk bak auget. Medan artane har liknande kroppsbygging og proporsjonar, varierer dei mykje i fjørdrakt.
Desse artane flyg med stor snøggleik, dei fleste av artane nyttar ei fast rute og vitjar dei einskilde blomane med lange intervall mellom vitjingane.[1]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Det er 15 aksepterte artar i slekta. Nokre artar som bronseinka og kvitbrystinka er vidt utbreidde, medan andre som svartinka og Coeligena orina har særs avgrensa utbreiing. Nokre artar lever i små isolerte habitat i dei fjellrike områda av Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia, og i Cordillera del Condor i Ecuador.
Coeligena IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing | Status |
---|---|---|---|---|---|
![]() |
Bronseinka | Coeligena coeligena | (Lesson, 1833) | ![]() |
LC |
![]() |
Bruninka | Coeligena wilsoni | (Delattre & Bourcier, 1846) | ![]() |
LC |
![]() |
Svartinka | Coeligena prunellei | (Bourcier, 1843) | ![]() |
VU |
![]() |
Grøninka | Coeligena conradii | (Bourcier, 1847) | ![]() |
LC |
![]() |
Kvitbrystinka | Coeligena torquata | (Boissonneau, 1840) | ![]() |
LC |
![]() |
Rustbrystinka | Coeligena inca | (Gould, 1852) | ![]() |
LC |
![]() |
Fiolettstrupeinka | Coeligena violifer | (Gould, 1846) | ![]() |
LC |
![]() |
Regnbogeinka | Coeligena iris | (Gould, 1853) | ![]() |
LC |
![]() |
Kvitstjertinka | Coeligena phalerata | (Bangs, 1898) | ![]() |
NT |
![]() |
Oreadeinka | Coeligena orina | Wetmore, 1953 | ![]() |
EN |
![]() |
Opalvenginka | Coeligena lutetiae | (Delattre & Bourcier, 1846) | ![]() |
LC |
![]() |
Perijainka | Coeligena consita | Wetmore & Phelps, Jr., 1953 | ![]() |
EN |
![]() |
Gyllenbukinka | Coeligena bonapartei | (Boissonneau, 1843) | ![]() |
LC |
![]() |
Gullinka | Coeligena eos | (Gould, 1848) | ![]() |
LC |
![]() |
Rosenbukinka | Coeligena helianthea | (Lesson, 1839) | ![]() |
LC |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waldnymphen» frå Wikipedia på tysk, den 26. mai 2015.
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Ridgeley og Greenfield
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 9. juni 2025
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 10. juni 2025. søk på Coeligena
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- (no) Coeligena hos Artsdatabanken
- (en) Coeligena i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Coeligena hos ITIS
- (en) Coeligena hos NCBI
- (en) Kategori:Coeligena – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Coeligena – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Coeligena – detaljert informasjon på Wikispecies