Jamning
Jamning er eit dialekttrekk som finst i dialektar i Trøndelag og på delar av Austlandet (særleg i Østerdalen, Gudbrandsdalen og Aust-Telemark). Utviklinga går ut på at endevokalen og rotvokalen i eit ord påverkar kvarandre og vert meir like eller heilt like etter prinsipp for vokalharmoni. Jamning finst i såkalte jamvektsord.
Vi skil mellom utjamning, at vokalane vert heilt like, og tiljamning, at vokalane vert meir like. Jamning har vi til dømes når dei gammalnorske orda vera og vika i dialektar med utjamning er vorte til høvesvis vårrå og vukku (vokalane er heilt like), medan det i dialektar med tiljamning kan heita værra og vækka (vokalane har vorte meir like).
Eit døme på jamning frå trøndersk:[1]
nynorsk | gammalnorsk | former med utjamning | former med tiljamning |
---|---|---|---|
veke (subst., fem.) | vika | vokko (Indre Namdalen),vukku (frå Rørvik og sørover til Orkdal/Oppdal) | vækka (Trondheim, Stjørdalen og Fosen),vekku/vøkku/vækkå/vekko (Nordmøre og Ytre Namdalen) |
vera (verb, inf.) | vera | varra (Indre Namdalan),vårrå (frå Rørvik og sørover til Orkdal/Oppdal) |
værra (Trondheim, Nordmøre og Fosen) |
Utjamning finn ein stort sett i inntrøndersk og i jemtsk, medan tiljamning er vanleg i øvrig trøndersk, Trondheim bymål, Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen. Generelt kan det seiast at ein får meir jamning jo lenger nord ein kjem: I dialektane rundt Oslofjorden finst det ikkje spor av jamning, og etter kvart som ein kjem lenger nord i Oppland og Hedmark får ein stadig meir jamning. Det heile kulminerer med det trønderske kjerneområdet for jamning, der ein i indre mål òg har utstrakt bruk av utjamning.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jenstad, Tor Erik og Arnold Dalen (2002). Trønderordboka (2. utgave), s. 17-18. Trondheim: Tapir Akademisk forlag.