Japp
Utsjånad


Japp er ein sjokolade frå Mondelēz International, som i Noreg vert seld under merkenamnet Freia.
Sjokoladen består av mjølkesjokolade fylt med karamell og mjuk sjokolademarengs og minner om det konkurrerande sjokoladeproduktet Mars, med ørliten skilnad i både smak og innpakning. Japp vart lansert i Sverige av Marabou, Freia sitt svenske søsterselskap, i 1947. Produktet vart introdusert i Noreg i 1949 av Freia.[1][2]
Då sjokoladen skulle lanserast i Sverige i 1947 var eit av namneforslaga Japs, det amerikanske slanguttrykk for «japanar». Marabou valde å gjera om «s» til «p» og enda dermed med namnet Japp.
Japp vart produsert på Rodeløkka fram til 2005, då produksjonen vart flytt til Kaunas i Litauen.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Marabou firar 100 år, Mondelez International, 25. januar 2016, henta 11. august 2017
- ↑ Nordmenn er i verdenstoppen i sjokoladespising. Disse utgåtte go'bitene savner vi mest, dagbladet.no, 5. september 2016, henta 11. august 2017
- ↑ 120 ansatte må gå, Fri Fagbevegelse, 8. desember 2005, henta 11. august 2017
- ↑ Føler seg ført bak lyset, Bergens Tidende, 24. juni 2010, henta 11. august 2017
- Denne artikkelen bygger på «Japp» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2021.