Hopp til innhald

Jellingstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av sverdhovud i jellingstil. Dei samanvovne dyra er eit godt døme på stilen. Frå Busdorf på Haithabu i Schleswig-Holstein i Tyskland. I dag stilt ut på Vikingmuseet i Hedeby.
«Jellingbegeret», drikkebeger frå den antekne grava til kong Gorm den gamle, nedlagd ca. 958 i Jelling i Danmark. Høgd 4,3 cm.

Jellingstilen er ein norrøn kunst- og kunsthandverksstil frå tidleg vikingtid. Jellingstilen har vore datert til perioden 925-975, men nyare studiar knyter stilen meir direkte til Gorm den gamle sitt styre (før 936-ca. 958), og direkte til dei kongelege verkstadene.[1] I byrjinga var han samtidig med borrestilen, og i sluttfasen var han samtidig med mammenstilen. Stilen har namn etter den vesle tettstaden Jelling i Danmark, der ein finn dei to runesteinane jellingsteinane.[2]

Opphavleg blei heile anlegget, medrekna den store jellingsteinen, knytt til denne stilarten, men seinare studiar har kategorisert ornamentikken på steinen til mammenstilen. Stilen er karakterisert etter eit lite sølvbeger med dekor i niello-teknikk, som blei funne i 1820 i eit tømra gravkammer i nordhaugen ved Jelling. Dendrokronologi tidfestar gravanlegget til 958-959. Begeret har ein dekor med ei frise som går rundt. Motivet er to stiliserte S-forma banddyr. Kroppane til dyra er like breie og kryssar kvarandre slik at dei dannar løkker i lengdeaksen. Halar, lemmer og bladflikar blir fletta saman med kroppane.[2]


Ein har funne gjenstandar utsmykka i jellingstilen også utanfor Skandinavia. Stilen er samtidig med den seinkarolingiske ornamentikken med akantus og planteranker som i mange fleire tilfelle opptrer ved sida av jellingmotivet på same gjenstandar.[3] Den dekorative stilen har tre tema:

  • Figurar som menneske og dyrefigurar.
  • Representasjonar av plantar (ranker, blad).
  • Geometriske figurar (sirklar, trekantar, triskele, spiralar).
Smykkevedheng i sølv, frå Vårby i Södermanland.

Jellingstilen er hovudsakleg reindyrka dyreornamentikk. Han er kjenneteikna av sterkt stiliserte og ofte bandforma dyr avbilda i profil, gjerne S-forma slangar eller fugleliknande dyr. Fuglar hadde stort sett mangla frå norrøn kunst etter 800, men kom såleis tilbake rundt 950. Dette skjedde truleg etter inspirasjon frå vesteuropeisk kristen kunst. I denne inngår fuglar ofte i motiv som førestiller Paradis. I det nordiske funnmaterialet finst det døme på fuglemotiv med opphav frå både det europeiske fastlandet og Dei britiske øyane.[4]

Ein kjenner også S-forma frå det angelsaksiske området. Den danske arkeologen Iben Skibsted Klæsøe har på dette grunnlaget foreslått at dei snodde dyra i S-forma boger og avbilda i profil i jellingstilen er eit resultat av ein norrøn og angelsaksisk blandingsstil. Ho meiner at opphavet til stilen kan sporast til området i og rundt Jorvik (dagens York) i nordlege England. Dette området var i denne perioden sentrum for eit maktområde i England dominert og tildels kontrollert av norrøne menn frå hovudsakleg Danmark og Noreg.[4]

Sølvbegeret som blei grave ut i nordhaugen i Jelling, meiner Skibsted Klæsøe er eit teikn på at det på 900-talet blei opna ein verkstad for produksjon av luksusvarer, knytte til eit internasjonalt handelsnettverk og kongemakta. Ho byggjer teorien sin på at begeret er forma etter ein kontinental vesteuropeisk tradisjon, medan sjølve utsmykkinga er utført i norrøn stil.[5]

Jellingstilen var utbreidd utanfor Skandinavia. Det finst omlag like mange beslag i jellingstil i Russland, Polen og Ungarn som i Skandinavia.[6] Stilen blei etterlikna andre stader i Europa, særleg i område som hadde kontakt med norrøne folk, og det same gjeld dei etterfølgjande stilane mammenstilen og ringerikestilen.

Sølvspenne frå Skaill på Orknøyane.

Gjenstandsfunn

[endre | endre wikiteksten]
Danmark
Noreg
Sverige
Andre land
  • Bronseanheng frå funn i Gnezdovo ved Smolensk i Russland, i dag ved museet Eremitasjen i St. Petersburg i Russland.
  • Sverdskaft med koparlegering, York i England, i dag på Yorkshire-museet.
  • Sverdskaft med koparlegering, Astala i Satakunta i Finland, i dag ved Finlands nasjonale museum.
  1. Lars Grundvad v/museet Sønderskov: «Draupnir fundet ved Fæsted», Skalk august 2022 (s. 10)
  2. 2,0 2,1 Østmo, Einar og Hedeager, Lotte (red.) (2005): Norsk arkeologisk leksikon, Oslo. Side 359-360
  3. Klæsøe (1994) s. 150-151
  4. 4,0 4,1 Skibsted Klæsøe (2002), s. 13
  5. Skibsted Klæsøe (2002), s. 14
  6. Sindbæk, Søren: «Mammendyret, Græsli-fuglen og den madjariske hest - Øst-Europa i vikingtidens kunst og symboler» i: Spor - fortidsnytt fra midt-norge, nr 1, 1998, side 8
  7. Årskog, Hanne (2008): «Gravfunn frå Grytastranda»[daud lenkje], artikkelnummer IKAMRkl-110376
  8. Bilde av anhenget tilhørende Vårbyskatten
Litteratur
  • Graham-Campbell, James (red.) (1994): Cultural Atlas of the Viking World, ISBN 0-8160-3004-9
  • Karlsson, L. (1983): Nordisk form: Om djurornamentik.
  • Klæsøe, Iben Skibsted (1994): «Inspirationerne til vikingetidens kunst» i: Niels Lund (red.): Norden og Europa i vikingetid og tidlig middelalder. ISBN 87-7289-240-4
  • Klæsøe, Iben Skibsted (2002): «Den tidlige vikingetids kunst» i: Bertelsen (red.): Vikingetidens kunst; en udstilling om kunsten i vikingernes verden og efterverden ca. 800 – 1250. Kongernes Jelling ISBN 87-989042-0-5
  • Østmo, Einar og Hedeager, Lotte (red.) (2005): Norsk arkeologisk leksikon, Oslo ISBN 82-530-2611-0