Hopp til innhald

Kefevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kefevs

Kefevs i eit målarstykke frå 840.
Tittelkonge i gresk mytologi
MorAnchiroe
FarBelus, Phoenix, Agenor
EktefelleKassiopeia
BarnAndromeda

Kefevs var ifylgje den greske gudelæra namnet på to kongar, farfar og barnebarn, i Aethiopia frå antikken, der Etiopia ligg i dag.

Det er uvisst kvar Kefevs ættar frå. Han kan ha vore son av Belos[1][2], Agenor eller Føniks[3], son åt Agenor. Om Belos var far hans, so var Ankiroe, dotter åt Nilus, mor hans, og brørne hans var Danaos, Aegyptos og Finevs.

I gudelæra

[endre | endre wikiteksten]

Kefevs er kjend gjennom legenda om Persevs og Andromeda. Han var gift med Kassiopeia og far til Andromeda, som var trulova med farbror sin, Finevs. Kongeriket til Kefevs er nokre gonger skildra som Aethiopa (Etiopia), andre gonger som Jaffa (Joppa) i Fønikia.

Kassiopeia skrøytte av at dotter hennar Andromeda var venare enn nereidene, havnymfene, og dette arga opp både havnymfene og havguden Poseidon. Reglane i den greske gudelæra for omgang med gudane sa at ein skulle vakta seg vel for hybris, ovmot, som går ut over grensene som gudane har sett for menneskelege handlingar. Som hemn for dette ovmotet sende Poseidon ein flaum over Aethiopia og havmonsteret, Ketos, som plaga folket. Kefevs spurde orakelet i Ammon til råds, som sa at forbanninga ikkje stansa før dottera Andromeda vart ofra til Ketos. Andromeda vart lekt fast til ei klippe ved havet som offer, men tilfellet gjorde at då Ketos viste seg kom helten Persevs i same stunda forbi etter å ha drepe gorgona Medusa. Han drap Ketos og frigjorde Andromeda. Etter han tok livet av belen Finevs òg, gifte Persevs seg med Andromeda[4][5]

Hjå Hyginus heiter den trulova til Andromeda, Agenor.

Etter å ha vore hjå kongen av Aethiopia i eitt år, fór Persevs og Andromeda til heimstaden hans Sérifos i Hellas. Kefevs, som ikkje hadde nokon andre ætlingar, gjorde då ein avtale om å få knesetja det fyrste barnebarnet sitt, Perses, og gjera han til ervingen sin.

På stjernehimmelen

[endre | endre wikiteksten]

Kefevs vart, etter sedvane i den greske gudelæra, sett på stjernehimmelen som stjernebiletet Kefeus etter han døydde. Det er eitt av dei 48 stjernebileta som vart skildra av den gresk/romersk/egyptiske astronomen Klaudios Ptolemaios i det 2. hundreåret e.Kr.

  1. Herodotus. Historie, bok 7, kap. 61. 
  2. Pseudo-Apollodorus. Bibliotheca, 2.1.3. 
  3. Hyginus. De Astronomica,2.9.1. 
  4. Nanna Lindefjeld-Hauge (1989). Antikkens helter og guder. Cappelen. s. 143. ISBN 82-02-11443-8. 
  5. Ovid (1989). Ovids forvandlinger (på dansk). Sett om av Due, Otto Steen. Centrum. s. 149 (bok 5, vers 210–235). ISBN 87-583-0524-6.