Hopp til innhald

Kempten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kempten
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Schwaben
Landkreis Kreisfri by
Høgd 674 m
Areal 63,28 km²
Folketal 70 713 (31. desember 2023)
Først nemnd i 50 f.kr.
Postnummer 87401–87439
Retningsnummer 0831
Bilnummer KE
Kart
Kempten
47°44′00″N 10°19′00″E / 47.733333333333°N 10.316666666667°E / 47.733333333333; 10.316666666667
Wikimedia Commons: Kempten (Allgäu)

Kempten er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Bayern med om lag 70 000 innbyggjarar. Området vart opphavleg busett av keltarar, men vart erobra av romarane, som kalla byen Cambodunum. Arkeologar reknar Kempten som ein av dei eldste busetnadane i Tyskalnd.

Den greske geografen Strabon nemnde byen i år 50 f.Kr. som ein keltisk stad kalla Kambodunon. Dette er rekna som den eldste nedskrive kjelda til noko tysk by. Ein har derimot ikkje funne arkeologiske spor etter denne keltiske busetnaden.

I år 15 f.kr. erobra romarane den keltiske byen og kalla han Cambodunum. Dei neste åra vart det bygd ein klassisk romersk by her med bad, forum og tempel.

Byen vart øydelagd i 233 av alemannarane og Cambodunum vart forlate og flytta til ein meir strategisk stad ved åsen Burghalde ovanfor elva Iller. Dei siste romerske troppane drog bort frå området i 488 og alemannarane tok over. Byen vart så flytta ned på sletta ved sida av Iller og vart øydelagd av frankarar i 683.

Rundt 747 kom den irske munken Magnus og Teodor frå St. Gall i Sveits for å kristne området. Dei neste åra vart det bygd eit kloster. Audogar var den første abbeden i det nye benediktinarklosteret. Ved hjelp av Karl den store si kone, Hildegard, vart klosteret eit av dei mektigaste i Frankarriket.

Ungararane ramponerte byen fleire gongar, og biskop Ulrik av Augsburg og abbeden av Kempten bygde klosteret og byen opp att i 941.

I 1213 gav keisar Frederick II abbedane tittelen hertug, og i 1289 gjorde kong Rudolf av Habsburg byen til ein fri keisarby. I 1527 konverterte byen til protestantisme og kom i strid med det katolske klosteret.

Under trettiårskrigen (1632/33) vart byen øydelagd av både keisaren sine troppar og så av svenske troppar. Under napoleonskrigane kom byen inn under Bayern (1802–1803).

Det låg ei underavdeling av Dachau konsentrasjonsleir her under den andre verdskrigen.[1]

Vêrdata for Kempten (1991-2020)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3,5 4,9 9,2 13,7 17,9 21,4 23,2 23,1 18,4 14 8 4,2 13,5
Døgnmiddeltemperatur °C −0,8 −0,1 3,7 7,7 12,1 15,7 17,4 17 12,7 8,6 3,3 0,1 8,1
Gjennomsnittleg min °C −4,6 −4,5 −1 2 6,4 10,3 12 11,7 8 4,3 −0,5 −3,6 3,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 81 73 86 74 124 145 139 147 100 81 82 90 1 222
Kjelde: Kempten - wetterlabs.de


  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. februar 2009, henta 30. juni 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kempten