Hopp til innhald

Klubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A club of Gentlemen, måleri av Joseph Highmore, ca. 1730.
Tampereen Suomalainen Klubi i 2003.
Foto: Veli-Matti Parkkinen

Ein klubb er ein organisasjon av menneske som er sameinte av felles interesser, mål eller anna tilhøyre. Det finst klubbar vigde til hobbyar og idrettar, sosiale aktivitetar, politiske og religiøse klubbar og så vidare.

Klubbvesenet stammar frå England på 1700-talet, og har særleg vunne innpas i den engelsktalande verda.[1]

I Frankrike og andre romanske land har politiske klubbar hatt ei viktig rolle, som Jakobinarklubben under Den franske revolusjonen.

I Danmark oppstod det eit klubbvesen etter engelsk mønster kring 1770. Peter Andreas Heiberg skreiv si Indtogsvise til ein klubb.[2] Det Norske Selskab var ein norsk studentklubb skipa i 1772.

Klubbtypar

[endre | endre wikiteksten]

Hobbyklubb

[endre | endre wikiteksten]

Hobbyar blir praktiserte for interesse og oppleving, snarare enn finansiell påskjønning. Døme omfattar science fiction-klubbar, modelljernbane, samling, kreative og kunstnariske syslar, sport og vaksenopplæring.

Personleg klubb

[endre | endre wikiteksten]

Personlege klubbar liknar hobbyklubbar. Desse klubbane blir drivne av nokre få nære vennar eller familiemedlemmer for å gjera noko dei liker å gjera saman.

Hemmeleg klubb

[endre | endre wikiteksten]

Ein hemmeleg klubb er ein klubb eller ein organisasjon med skjulte aktivitetar, arrangement, indre funksjonar eller medlemskapar. Klubben kan, men treng ikkje prøva å skjula eksistensen sin. Nemninga ekskluderer vanlegvis etterretningsorganisasjonar eller geriljaer som skjuler aktivitetane og medlemskapane sine men har eit offentleg nærvær.[3]

  1. Borgerskab og fællesskab af Juliane Engelhardt fra HistoriskTidsskrift.dk
  2. Inge Bundsgaard, Søren Friis Hansen: forening i Den Store Danske, Gyldendal. Hentet 12. februar 2017 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=78181
  3. Daraul, Arkon (6. november 2015). A History Of Secret Societies (på engelsk). Pickle Partners Publishing. ISBN 978-1-78625-613-3. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Klubb