Kotlas
Kotlas | |||
Котлас | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Arkhangelsk oblast | ||
Høgd | 80 m | ||
Areal | 68 km² | ||
Folketal | 55 614 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1890 | ||
• Bystatus | 1917 | ||
Postnummer | 165300–165313 | ||
Retningsnummer | (+7)81837 | ||
![]() Kotlas 61°15′N 46°39′E / 61.25°N 46.65°E | |||
Wikimedia Commons: Kotlas |
Kotlas (russisk Котлас) er ein by sør i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvane Nordre Dvina og Vytsjegda.
Byen har ein av dei største papirfabrikkane i Russland og er eit senter for tømmerindustri. I tillegg har han ei viktig elvehamn og er eit jernbaneknutepunkt.
Staden vart grunnlagd i 1890, men det har truleg vore busetnader i området lenge før den tid. Kotlas fekk bystatus i 1917.
Gulag
[endre | endre wikiteksten]Frå 1930-talet var Kotlas ein stad for deportasjon av kulakar, som eit senter for skogsindustri. Det vart styrt av Kotlaslag-divisjonen av Gulag. Seinare tok byen imot alle moglege menneske som vart undertrykt og tvangsflytta under Stalin-tida. Det var ein særskild stor polsk folkesetnad i området, med heile polske landsbyar som vart tvangsflytta hit på 1920- og 1930-talet.
Arbeidsleirar eksisterte innanfor byområda fram til 1953. Forutan skogsarbeid og papirindustri arbeidde fangane med bygging av fabrikkar, bustader, bruer og jernbanar. Dei fleste leirane var brakkeleirar utan vakter.
I tillegg var Kotlas ein viktig transittstad for forviste som skulle fraktast lengre nord og aust, sidan byen hadde ein jernbaneterminal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kotlas» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.