Hopp til innhald

Krefeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krefeld
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Düsseldorf
Landkreis Kreisfri by
Høgd 39 m
Areal 137,77 km²
Folketal 228 550 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1105
Postnummer 47701–47839
Retningsnummer 02151
Bilnummer KR
Kart
Krefeld
51°20′00″N 6°34′00″E / 51.333333333333°N 6.5666666666667°E / 51.333333333333; 6.5666666666667
Wikimedia Commons: Krefeld

Krefeld er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 230 000 innbyggjarar. Sentrum av byen ligg eit par kilometer vest for Rhinen, men ho renn gjennom bydelen Uerdingen. Fram til 1929 var byen kalla «Crefeld».

Innbyggjarane i Krefeld snakkar høgtysk, den tyske dialekten som alle tyskarar lærer. Ein lokal dialekt er derimot ein variant av plattysk.

Byen har opphav tilbake i romartida då legionar grunnla ein militærleir kalla Gelduba her (i dag bydelen Gellep). Krefeld sjølv vart først nemnd i 1105 med namnet Krinvelde. Uerdingen var opphavleg ein sjølvstendig by aust for Krefeld, og vart grunnlagd i 1255. I mellomalderen var han ein større og viktigare by enn Krefeld.

Byen byrja å vekse på 1600-talet då Krefeld var ein av få byar som ikkje vart hardt råka av trettiårskrigen. Byen vart raskt overbusett, og i 1683 flytta tretten familiar (mennonittar) frå Krefeld, reiste over Atlanteren og grunnla busetnaden Germantown i USA, som i dag er ein del av Philadelphia.

Byen Uerdingen var mindre heldig og vart nesten heilt jamna med jorda i trettiårskrigen av troppar frå Hessen. Krefeld voks seg større enn Uerdingen, og i 1928 vart dei to slått saman.

Rhinhamna i Krefeld.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Krefeld