Kristiane
Utsjånad

Kristiane, Christiane eller Christiana er kvinnenamn avleidd av Christianus, eit latinsk namn som tyder 'kristen'. Det moderne norske mannsnamnet som tilsvarer dette er Kristian.
Ane kan vera ei kortform av Kristiane. Kristine er eit nærskyld namn.
Namnet Christiane er utbreidd i Belgia (brukat av 0,7 % av kvinner i 2002), Frankrike (0,5 % i 2004) og Tyskland (66. mest vanlege i tidsrommet 1890–2007).
I Noreg var det 472 kvinner som heitte Kristiane og 383 som heitte Christiane i 2009.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Christiane Sehested (1626–1670), dotter av Christian IV
- Christiane Koren (1764–1815), dansk-norsk forfattar
- Kristiane Frisak (1849–1906), norsk vevar
- Christiane Nüsslein-Volhard (f. 1942), tysk biolog og nobelprisvinnar
- Christiane Amanpour (f. 1958), iransk-engelsk journalist
- Kristiane Backer (f. 1966), tysk TV-journalist
- Kristiane Roer Madsen (f. 2002), dansk alpinist
Oppdikta
[endre | endre wikiteksten]Krestiane Kristiania er ein romanfigur skapa av Torill Thorstad Hauger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristiane hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Kristiane» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2009.