Lastebilkran

Lastebilkran er ei kran montert på ein lastebil, som vert nytta for av og pålessing av gods som vert transportert, men som òg kan nyttast for andre oppgåver der det er mogleg å koma til med lastebil. Lastebilkraner er ofte montert retta attom førarhuset, men av og til heilt bak på bilen. Bakmonterte kraner har den føremonen at dei kan nyttat for av og pålessing både på bil og tilhengar. Når ein lastebil er utstyrt med kran er ein ikkje avhengig av at det er anna kran tilstades ved avlasting på til dømes byggjeplassar. Men det er ei ulempe at krana tek opp plass på bilen og at lasteevna vart redusert tilsvarande massen til krana.
Kranene har er ein svingbar hovedbom og ein uteliggarbom festa på hovedbommen. På nokre kraner har uteliggarbommen ein eller fleire teleskopiske seksjonar som kan køyrast ut for å auka rekkjevidda og løftehøgda. På moderne lastebilkraner vert bommane, sving og eventuelle teleskopseksjonar hydrauliskt opererte. For at bilen skal stå støtt under arbeid er kranene utstyrte med hydraulisk opererte støttelabbar.
Lastebilkraner vert av og til monterte på traktorar, som har betre framkonstevne i ulendt terreng enn lastebilar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Bakmontert lastebilkran (Palfinger).
-
Avlasting av byggematerialar med lastebilkran.
-
Lastebilkran med teleskopisk bomm.
-
Kran montert på ein Mercedes Unimog.
-
Lastebilkran nytta for å fjerna snø frå eit hustak.
-
Kraftig lastebilkran (Sany SPS 35000).
-
Bedford lastebil med kran i Brumunddal.
-
Lastebilkran montert på ein traktor.
-
Sesam traktor- og lastebilkran.