Hopp til innhald

Magnhild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glasmåleri av heilage Magnhild i Fulltofta.
Magnhild Hagelia på ski i 1955.

Magnhild er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Magn(h)ildr var sett saman av magn, 'styrke', og hildr, 'kamp, strid'.[1]

Magnhild har norsk namnedag den 29. mai og svensk namnedag den 17. september.

Namnet var i bruk i Norge i mellomalderen. Over 10 ulike personar med namnet er nemnde i Regesta Norvegica.[2] Magnill er kjent brukt i norske mellomalderballadar, blant anna i «Villemann og Magnill».[3]

Magnhild er særleg brukt i Noreg, og kan knyttast til den nordiske namnerenessansen som fann stad frå slutten av 1800-talet.[1] Bruken av namnet steig kraftig frå 1880 fram til rundt 1930, då nær 1,0 % av nyfødde jenter blei kalla det. Deretter gjekk bruken ned, med eit lågpunkt sist på 1960-talet. I 2009 var det 3 835 norske kvinner som heitte Magnhild.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Magnhild» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Regesta Norvegica
  3. Ivar Utne (2012). «Navn fra folkeviser (middelalderballader)». Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 8. mai 2015.