Hopp til innhald

Majkop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Majkop
Майкоп
by
Våpenskjold
Land  Russland
Republikk Adygeja
Høgd 220 m
Areal 308 km²
Folketal 137 899 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1857
 •  Bystatus 1870
Postnummer 385000–385021
Retningsnummer (+7)8772
Kart
Majkop
44°36′00″N 40°05′00″E / 44.6°N 40.083333333333°E / 44.6; 40.083333333333
Wikimedia Commons: Maykop

Majkop (kyrillisk skrift Майкоп; adygisk Мыекъуапэ Myequape) er ein by i sør i Russland, og hovudstad i republikken Adygeja. Han har like under 140 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgresida av elva Belaja.

Majkop vart grunnlagd i 1857 som ei russisk festning. Festninga fungerte som ein strategisk viktig utpost under Kaukasuskrigen. Majkop fekk bystatus i 1870. I 1911 vart det oppdaga reserver av olje i området ved byen. Etter den russiske revolusjonen var Majkop frå 1918 til mars 1920 i hendene på dei kvite (kontrarevolusjonære) styrkane. Frå august 1942 til januar 1943 var byen okkupert av tyskarane.

I utkanten av Majkop ligg ein stor gravhaug frå tidleg bronsealder (2000-talet f.Kr.). Haugen vart grave ut i 1897. Det vart gjort rike funn som no er oppbevart i Eremitasjen i St. Petersburg.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringane i byen er næringsmiddelindustri, treforedling og maskinindustri. Like i nærleiken ligg dei viktige Majkop-oljefelta.

Kultur og utdanning

[endre | endre wikiteksten]

Majkop har eit institutt for adygisk språk, litteratur og historie.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Majkop