Manowar
Utsjånad
Manowar | |||
![]() | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1980– | ||
Sjanger | heavy metal, power metal, true metal | ||
Plateselskap | Magic Circle Music, Atco Records, Atlantic Records, Geffen Records |
Manowar er ei heavy metal-gruppe frå delstaten New York i USA som vart stifta i 1980.[1] Gruppa er kjend for tekstar som byggjer på fantasy og mytologi (særleg norrøn og gresk-romersk mytologi), og for ei rekkje songar som hyllar heavy metal-sjangerne og tilhengjarane hans. I 1984 kom Manowar i Guinness Rekordbok som verdas mest bråkete/høglytte gruppe for å ha hatt den høgaste opptredenen, ein rekord dei seinare slo to gonger.[2] Dei har også verdsrekorden for den lengste heavy metal-konserten etter å ha spelt i fem timar og eitt minutt ved Kavarna Rock Fest i Bulgaria i 2008.[3][4] I 2019 hadde Manowar selt over 20 millionar album på verdsbasis.[5]
Album
[endre | endre wikiteksten]- Battle Hymns, 1982
- Into Glory Ride, 1983
- Hail to England, 1984
- Sign of the Hammer, 1984
- Fighting the World, 1987
- Kings of Metal, 1988
- The Triumph of Steel, 1992
- Louder Than Hell, 1996
- Warriors of the World, 2002
- Gods of War, 2007
- Battle Hymns MMXI, 2010
- The Lord of Steel, 2012
- Kings of Metal MMXIV, 2014
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Heavy Metal Case Study #1: Manowar by Ernest Hilbert», Ryeberg Curated Video, henta 25. februar 2022
- ↑ «who-loudest-band», Ultimateclassicrock
- ↑ «Manowar Attempts To Break Guinness Record With Five-Hour Concert», Roadrunnerrecords.com, arkivert frå originalen 12. august 2008, henta 6. juli 2011
- ↑ «Manowar Play Longest Show Ever», Sputnikmusic.com, henta 6. juli 2011
- ↑ «Valhalla Studios», Valhallastudiosny.com, henta 31. desember 2019