Miass
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Miasselva.
Miass | |||
Миасс | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk | ||
Høgd | 340 m | ||
Areal | 112 km² | ||
Folketal | 146 650 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1773 | ||
Postnummer | 4563xx | ||
Retningsnummer | (+7) 3513 | ||
![]() Miass 55°03′N 60°06′E / 55.05°N 60.1°E | |||
Wikimedia Commons: Miass |
Miass (russisk Миа́сс) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland. Han ligg 96 km frå Tsjeljabinsk, ved elva Miass, på austsida av dei sørlege Uralfjella. Byen har like over 150 000 innbyggjarar.
Miass vart grunnlagt i 1773 som ein busetnad for fabrikk ved ei kopargruve, og fekk bystatus i 1926. Under 1800-talet var utviklinga drive av oppdaginga av dei rikaste gullreservane i Ural. Gjennomsnittleg årleg utvinning av gull frå Miass-regionen var rundt 640 kg. På midten av 1800-talet gjekk gulldrifta tilbake og utviklinga av Miass bremsa dermed òg opp.
I 1941 vart ein bilfabrikk bygt i Miass, som framleis er i drift som lastebilfabrikken UralAZ, som i dag er den viktigaste verksemda Miass. Selskapet UralAZ produserer tre-akslars allhjuldrifts lastebilar med høg framkommelegheit i terreng, og eksporterer 8 % av produksjonen. UralAZ har 105 000 tilsette.
Den eldste delen av byen består av 1800-tals trehus med originale balkongar og dørkarmar. Eit hus som høyrte til gullgruveadministratoren Simonov er òg bevart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |