Hopp til innhald

Miskolc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miskolc
Miškovec
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: «Stålbyen», «Byen med dei opne portane»
Land  Ungarn
Region Nord-Ungarn
Fylke Borsod-Abaúj-Zemplén
Høgd 130 m
Areal 23 667 km²
Folketal 143 502 (1. januar 2024)
Byrettar i 1365
Postnummer 3500–3549
Kart
Miskolc
48°06′00″N 20°47′00″E / 48.1°N 20.783333333333°E / 48.1; 20.783333333333
Wikimedia Commons: Miskolc

Miskolc (polsk Miszkolc, slovakisk Miškovec) er ein by nordaust i Ungarn. Han har om lag 180 000 innbyggjarar og er den tredje største byen i landet etter Budapest og Debrecen. Han er òg fylkessete i Borsod-Abaúj-Zemplén og regionssenter i Nord-Ungarn.

Byen ligg aust for Bükkfjella i dalen til elvane Sajó, Hejő og Szinva. Området er ein del av Den store ungarske sletta.

Historisk bilete av byen. Utsyn frå åsen Avas Den gotiske kyrkja i føregrunnen.

Området har vore busett sidan antikken og arkeologiske funn viser at det har vore menneske i området i over 70 000 år sidan. Dei første kjende busetjarane var cotinus, ei keltisk stamme. Området har vore busett av ungararar sidan «erobringa» seint på 800-talet. Byen er kalla opp etter Miskóc-klanen og vart først nemnd med dette namnet rundt år 1210. Miskóc-klanen mista makta si då Kong Karl I sentraliserte makta si ved å dempe makta til oligarkane.

Miskolc fekk status som oppidum (markedsby) i 1365 av kong Ludvig I. Han omgjorde òg borga i den nærliggande byen Diósgyőr (i dag ein bydel i Miskolc) til ein gotisk festning. Byen utvikla seg dynamisk, men under Det osmanske riket stoppa utviklinga. Tyrkarane brann ned Miskolc i 1544 og byen måtte betale høge skattar fram til 1687. Det var i desse åra Miskolc vart eit viktig område for dyrking av vin. På slutten av 1600-talet var byen like stor som Košice, og det hadde vorte grunnlagd 13 laug i byen.

Under sjølvstendekrigen mot Habsburg-styret tidleg på 1700-talet, nytta prins Frans II Rákóczi, leiaren for ungararane, Miskolc som hovudkvarter. Dei keisarlege styrkane plyndra og brende byen i 1707. Fire år seinare vart halve folkesetnaden råka av ein koleraepidemi. Miskolc kom seg rask på fote att og byrja å bløme igjen. I 1724 vart Miskolc vald som byen der fylkesrådhuset i Borsod fylke skulle byggjast. Mange andre viktig bygg vart bygd på 1700- og 1800-talet, inkludert rådhuset, skular, kyrkjer, Miskolcsynagogen og Nasjonalteateret. I følgje ei folketeljing i 1786 hadde byen då 14 719 innbyggjarar og 2 414 hus.

Elizabeth-plassen.

Desse åra førte til velstand, men koleraepidemien i 1873 og flaumen i 1878 tok mange liv. Fleire bygningar vart øydelagd under flaumen, men større og vakrare bygningar vart bygd opp att i staden for dei gamle. Den første verdskrigen gjekk ikkje hardt utover byen direkte, men mange menneske døydde, anten i krigen eller av koleraepidemi.

Med Trianontraktaten mista Ungarn byen Košice til Slovakia og Miskolc vart det einaste regionssenteret i Nord-Ungarn. Dette var ein av årsakene til den enorme veksten i byen i 1930- og 1940-åra. Førebuingane til Den andre verdskrigen etablerte Miskolc som eit nasjonalt senter for tungindustri, ei stilling han hadde fram til 1990-åra. Sjølv om Miskolc leid mykje dei siste åra av krigen kom han seg raskt og absorberte mange av dei omliggande landsbyane. Han vart så den nest største byen i Ungarn med over 200 000 innbyggjarar. I 1949 vart Universitetet i Miskolc grunnlagd.

Fylkeshuset for Borsod-Abaúj-Zemplén.

I 1990-åra kom jernindustrien ut for ei krise og dette medførte nedgang i folketalet i byen. I dag er derfor Debrecen den nest største byen i landet, medan Nyíregyháza har tatt opp konkurransen som den viktigaste byen i området.

Miskolc prøver no å verte eit kultursenter i staden for eit industrisenter. Mange kulturelle hendingar, mellom anna ein internasjonal operafestival, vert halde her årleg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Miskolc frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: Miskolc