Hopp til innhald

Norilsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norilsk
Норильск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Høgd 90 m
Areal 23,16 km²
Folketal 175 773 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1935
 •  Bystatus 1953
Postnummer 6633xx
Retningsnummer (+7)3919
Kart
Norilsk
69°20′00″N 88°13′00″E / 69.333333333333°N 88.216666666667°E / 69.333333333333; 88.216666666667
Wikimedia Commons: Norilsk

Norilsk (russisk Норильск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 175 000 innbyggjarar. Han er den nordlegaste byen i verda med meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen har òg ein av dei største førekomstane av nikkel i verda og vart grunnlagd i 1935.

MMC Norilsk Nikel er eigarane av nikkelførekomstane, og ei hjørnesteinsbedrift i byen. Dette er det same firmaet som eig smelteverket i Nikel ved grensa til Noreg. På grunn av at malmen frå Norilskgruvene er særs urein, har dette ført til at byen er rekna som ein av dei mest forureina i verda.[1] I følgje enkelte estimat kan så mykje som 1 % av all utslepp av svoveldioksid kome frå denne byen. Jordsmonnet ved byen er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstane av platina og palladium frå jorda.[2]

Norilsk er ein lukka by for utlendingar (bortsett frå belarusarar).

  1. «World's Worst Polluted Places 2007». The Blacksmith Institute. 
  2. Andrew E. Kramer (12. juli 2007). «For One Business, Polluted Clouds Have Silvery Linings». The New York Times.  (krever innlogging).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Norilsk