Hopp til innhald

Offenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Offenburg
by
Sentrum i Offenburg.
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Freiburg
Landkreis Ortenaukreis
Høgd 163 m
Areal 78,37 km²
Folketal 62 195 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1148
Postnummer 77652, 77654, 77656
Retningsnummer 0781
Bilnummer OG, KEL, LR, WOL
Kart
Offenburg
48°28′15″N 7°56′27″E / 48.470833333333°N 7.9408333333333°E / 48.470833333333; 7.9408333333333
Wikimedia Commons: Offenburg

Offenburg er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Ortenaukreis.

Offenburg ligg nær Rhinen mellom Karlsruhe og Freiburg. Den franske byen Strasbourg ligg rett vest på andre sida av Rhinen. Offenburg ligg ved munningen av elvedalen Kinzig. Kinzig renn ut av Schwarzwald og møter Rhinen nær Kehl.

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder frå 1148. I 1240 hadde Offenburg alt vorte ein fri keisarby. Byen vart nesten heilt øydelagd under niårskrigen. I 1803 mista Offenburg statusen sin som fri keisarby og kom inn under storhertugdømet Baden.

Offenburger Programm, som inneheldt tretten krav «i innbyggjarane av Baden sitt namn», vart kunngjort i Offenburg 12. september 1847 i oppkjøringa til den badenske revolusjonen under revolusjonane i 1848. Dette var det første demokratiske kravet i Tyskland. Offenburger Programm kravde grunnleggande rettar og menneskerettar, i tillegg til pressefridom og ein progressive sturktur for inntektsskatt. Den 19. mars 1848 vart kravet stadfesta av 20 000 medlemmar av Offenburg folkeforsamling.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Offenburg