Hopp til innhald

Papa Westray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Papa Westray
øy
Land  Skottland
Stad Atlanterhavet
Høgd 49 m
Areal 9,18 km²
Folketal 90 (2011)
Folketettleik 7,1 / km²
Kart
Papa Westray
59°21′11″N 2°53′28″W / 59.35305968°N 2.89098601°W / 59.35305968; -2.89098601
Wikimedia Commons: Papa Westray

Papa Westray, òg kalla berre Papay, er ei øy i Orknøyane i Skottland. I 2001 hadde øya 65 innbyggjarar, i 2005 70, og i 2011 90.[1][2] Jordsmonnet er særs frodig,[3] og dette har i lange tider trekt til seg folk til øya.

Westray frå Papa Westray
Gardshuset på Knap of Howar.

Historiske attraksjonar på øya er mellom anna Holland House og det tilknytte folkemuseumet og steinaldergarden Knap of Howar.

Papay er den tiande største av Orknøyane med eit areal på om lag 9 km². Dette gjer ho òg til den nest minste av dei busette øyane.

Mange fuglar hekkar på øya, mellom anna isterne og tjuvjo. Det var ein av dei siste stadane der ein fann geirfugl før den siste vart drepen i 1813. Delar av øya inngår i eit fuglereservat.

Gardsbruket Knap of Howar frå yngre steinalder er det eldste bevarte huset i Nord-Europa, datert til kring 3500 f.Kr..[3] Gardshuset består av to nært rektangulære steinrom, side om side, med ei dør i mellom, og med dører til utsida på vestsida.[3]

I følgje segnene skal den piktiske kong Nechtan på 700-talet ha prøvd å forføre ei ung kvinne kalla Triduana på øya. Kvinna reagerte med å grave ut augo sine. Ho vart seinare abbedisse i eit nonnekloster ved Restalrig, i dag ein del av Edinburgh og vart seinare kanonisert som St. Tredwell. Det står eit kapell tileigna henne på Papa Westray og dette vart ein pilegrimsstad for folk med augeplager.[4]

På øya står òg ei soknekyrkje frå 1100-talet tileigna St. Boniface[5] (nyleg restaurert) med norrøne runesteinar (truleg frå 1100-talet) på kyrkjegarden.

  1. Working Lunch, BBC Television
  2. National Records of Scotland (15. august 2013), «Appendix 2: Population and households on Scotland's Inhabited Islands» (PDF), Statistical Bulletin: 2011 Census: First Results on Population and Household Estimates for Scotland Release 1C (Part Two) (PDF), SG/2013/126, henta 14. august 2020 
  3. 3,0 3,1 3,2 Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
  4. "St Treadwell's Loch, Papay". Orkneyjar. Vitja 26. august 2013.
  5. "St Boniface's" Arkivert 1. april 2022 ved Wayback Machine.. Scottish Church Heritage Research. Vitja 26. august 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]